Køyretøy har trøbbel i Orkland

På E39 Gangåsvatnet i Orkland har fleire bilistar trøbbel på det glatte føret. Eit vogntog står på tvers i vegbana. Ifølge ein NRK-tipsar har ein personbil køyrt inn i ein anna bakfrå. Det er ikkje meldt om personskade.

– Det er fleire plassar det er glatt no. Vi ynskjer at folk skal ta hensyn til det, seier operasjonsleiar Kirsten Bergstrøm i Trøndelag politidistrikt til NRK.