Hopp til innhold

Klarer du å gjette om dette biletet er ekte eller laga med kunstig intelligens?

Naturfotografen Audun Rikardsen har lege timevis i sjøen for å knipse det perfekte biletet. Er det verdt det når KI kan lage bilete som ser ekte ut?

En elg står i skogen

KUNSTIG INTELLIGENS: Dette biletet er laga av KI-en Adobe Firefly. Klarer du å sjå at det ikkje er ekte?

– Det er veldig lett å bruke kunstig intelligens (KI) til å manipulere naturbilete på ein veldig god og overbevisande måte, seier Audun Rikardsen.

Han er naturfotograf, i tillegg til å vere professor ved institutt for arktisk og marin biologi ved UiT Norges arktiske universitet.

Hvalforsker Audun Rikardsen etter en vellykket merking av spekkhogger.

Naturfotograf Audun Rikardsen seier at den kunstige intelligensen kan gjere det vanskelegare å ta ekte bilete som overgår KI-bileta.

Foto: Fredrik Broms

Rikardsen har vunne internasjonale prisar for naturbileta sine og seier at det ligg mykje tid og planlegging bak kvart av bileta.

– Med KI kan ein få nye moglegheiter og oppnå «spektakulære bilete» utan å bruke like mykje tid som ein må i ekte naturfotografering.

Han er naturfotograf i verdensklasse. Audun Rikardsen har stadig en trang til å ta bilder som ingen før har sett maken til. Og han gjør det ikke enkelt for seg selv når han skal fange dyrene i linsa.

Han er naturfotograf i verdsklasse. Audun Rikardsen har stadig ein trong til å ta bilete som ingen før har sett maken til. Og han gjer det ikkje enkelt for seg sjølv når han skal fange dyra i linsa.

Vart du ikkje fornøgd med lyset eller bakgrunnen? Dette kan du endre ved hjelp av KI. Han seier at KI kan ha positive sider, som til dømes som kunstform eller for å restaurere gamle bilete.

Men, det kan også misbrukast.

– Det kan misbrukast og bidra til å svekkje tilliten til det ekte og klassiske naturfotoet i og med at ein blir så vant til falske bilete at ein trur dei fleste er det.

– Det kan gjere det vanskelegare å ta ekte bilete som overgår «perfekte KI-bilete», og også å selje naturfotografanes bilete.

– Kan vere ein trussel

Med utviklinga av kunstig intelligens har det komme KI-bilettenester som Adobe Firefly, Midjourney og Dall-e.

Her kan du skrive ei setning til KI-en, som svarer ved å gi deg eit bilete.

Journalisten:«en mann som spiser brødskive med skinke utenfor et hus»
Adobe Firefly:En mann som spiser brødskive med skinke utenfor et hus

Sjølv om skinka på biletet ikkje er så «skinkete», så ser biletet realistisk ut.

– Det kan vere ein trussel fordi det gjer det vanskelegare å ta ekte bilete som overgår dei KI-konstruerte bileta, seier Rikardsen.

Ein isbjørn som vandrar i skogen eller ein flodhest som vandrar på ein isbre?

Positivt og negativt

– Eg veit det er mange fotografkollegaer som er litt redde, seier Heri Ramampiaro.

Han er professor ved NTNU og ekspert på kunstig intelligens. I tillegg tek han ein del naturbilete sjølv.

Ramampiaro meiner bilete genererte av KI både kan vere positivt og negativt.

Heri Ramampiaro ved NTNU.

Heri Ramampiaro er instuttleder og professor ved institutt for datateknologi og informatikk ved NTNU. Han seier at KI som genererer bilete kan vere både positivt og negativt.

Foto: Kai T. Dragland / NTNU

Kanskje kan KI vere behjelpeleg med å finne ut kva type bilete ein vil ta – som ei digital skisse?

– Utfordringane kan vere at folk tek ein snarveg. Folk kan generere bilete ved hjelp av KI, utan å seie det.

Det kan bli ei etisk utfordring, meiner Ramampiaro. Han meiner at alle KI-bilete bør merkast, på same måte som retusjerte bilete blir merka.

Korleis sjå forskjell?

– Mange av dei seriøse biletgeneratorane som Midjourney og DALL-e har eit vassmerke nedst på bilete, for å vise at det er KI-genererte.

Men at seier at ein aldri kan gardere seg mot at nokon lagar ei teneste som går utover det etiske.

– Nokon vil utnytte systemet på det negative, for kjeltringar finst overalt. Men det er ein del ting ein kan sjå etter:

  • Ansikt som ikkje ser normale ut
  • Ein malplassert augevipp eller eit øre? Malplasserte tenner?
  • Tekst som ikkje ser rett ut
  • Klede som ikkje har nokon samanheng
  • Bakgrunn som ikkje gir meining

Det viktigaste rådet frå Heri er likevel:

– Folk må vere årvakne og ikkje ta alt for god fisk. Ver klar over at ting kan vere for godt til å vere sant.

Han fortel også at det blir laga KI som kan sjå om eit bilete er ekte eller generert av KI. Han seier det alltid vil vere ein dragkamp mellom dei to sidene.

Klarer du å sjå forskjell på KI-genererte bilete og ekte vare? Vi har sett saman nokre bilete som er laga av KI og nokre bilete tekne av naturfotograf og NRK-journalist Linda Bjørgan. Test deg sjølv nedanfor.

Naturfotograf eller kunstig intelligens?

1/8 Foto eller kunstig intelligens?

En elg som smiler til kamera

2/8 Foto eller kunstig intelligens?

En spekkhogger svømmer på en fjord

3/8 Foto eller kunstig intelligens?

En havnørn som flyr over et fjellområde nært sjøen.

4/8 Foto eller kunstig intelligens?

En sel som ligger på en strand

5/8 Foto eller kunstig intelligens?

En torsk svømmer i sjøen

6/8 Foto eller kunstig intelligens?

Et reinsdyr ser inn i kamera

7/8 Foto eller kunstig intelligens?

En lundefugl flyr

8/8 Foto eller kunstig intelligens?

En rev ser inn i kamera

Ditt resultat

Du må svare på alle spørsmålene først.