Seier ja til «Walk of Peace»

Formannsskapet gir tommelen opp til studentprosjektet.

Video Walk of Peace

VIDEO: Sjå korleis Jomfrugaten kan bli sjåande ut når ISFiT er ferdig med den.

Kine Karlsen

GLER SEG: ISFiT-sjef Kine Karlsen er nøgd med at kommunen seier ja til «Walk of Peace».

Foto: ISFiT

I dag vedtok Formannskapet å stille Jomfrugata til disposisjon til ein trøndersk Walk of Fame. ISFiT-sjef Kine Karlsen jublar.

Klar til ISFiT 2011

– Utruleg bra, heilt fantastisk, seier ISFiT-sjef Kine Karlsen når NRK Trøndelag ringer med gode nyheiter.

Endeleg er det klart at Trondheim skal få sin eigen «Walk of Peace», inspirert av «Walk of Fame» i Hollywood. Forskjellen er at det er namna til vinnarane av Studentenes Fredspris som skal prege Trondheim.

– Vi har gått og håpa på dette, så no er vi veldig nøgde, seier Karlsen.

Ho håpar at prosjektet kan vere gjennomført til festivalstart i 2011.

– Viktig gate

– Dette er kjempeviktig for både Studentenes Fredspris og vinnarane av den. Gata vil synleggjere det arbeidet vinnarane har gjort, og det er viktig for deira del, seier ISFiT-sjefen.

Ho meiner at gata også vil bli ein fin attraksjon for Trondheim som by.

– Jomfrugata er ein utruleg bra stad å ha «Walk of Peace». Mange vil sjå den, og det er ein del av poenget, men det er samtidig ikkje den travlaste gata i byen. Det er viktig at folk kan få stoppe opp og tenke, seier Karlsen.

Uklar finansiering

Det er studentfestivalen sjølv som skal sørge for økonomien i prosjektet, men Karlsen seier at ikkje alt er på plass enno.

– Det er ikkje heilt avklart. ISFiT skal i utgangspunktet sjølv stå for finansieringa, men det er eit samarbeidsprosjekt med kommunen. Dersom vi får støtte er vi veldig glad for det, seier Karlsen.