Hopp til innhold

IT-elevar oppgitt over dårleg eksamen: – Det er pinleg med så mange feil

Det var blant anna feil i datasettet elevane fekk under førebuingsoppgåva og fleire skrivefeil. I tillegg meiner elev Vera Wigum at eksamen var utanfor læreplanen i faget.

Thora Storm-elev Vera Wigum

OPPGITT: IT-elevane ved Thora Storm vidaregåande er ikkje nøgde med eksamensoppgåvene dei fekk.

Foto: Mathias Mikalsen / NRK

– Me var litt stressa over kva som skulle komme! Spesielt med tanke på det som ikkje sto på læreplanen. Me hadde frykta at det skulle komme på eksamen – og det gjorde det jo.

Det seier Vera Wigum. Ho er elev ved Thora Storm vidaregåande skule i Trondheim og elev i faget informasjonsteknologi 2, IT2 ved Trondheim katedralskule.

Dei var åtte elevar som tok IT2-eksamen torsdag 25. mai, og dei er ikkje fornøgde.

Me blei litt sett ut. Men Udir er ikkje til å stole på. Me har også høyrt om andre som fekk ting utanfor pensum på eksamen, så det kom ikkje som ei stor overrasking, forklarar Wigum.

Les også: Hundretusenvis skal opp til eksamen for første gang: – Jeg har vondt i magen

SPENTE ELEVER: Cornelia Myrberget Tangen, Aurora Sæknan, Josefine Stensen Nagsrup, Julia Cheng og Sophia Austbø Skaar.
SPENTE ELEVER: Cornelia Myrberget Tangen, Aurora Sæknan, Josefine Stensen Nagsrup, Julia Cheng og Sophia Austbø Skaar.

Og dette er ikkje fyrste gong elevar og lærarar varslar om trøbbel med eksamen.

Tidlegare i vår hadde elevar over heile landet problem med digital eksamen.

Det har også kome fram at ordboka ikkje fungerte under sidemålseksamen, og at elevar vil ha eksamen annullert.

Andre mista halvparten av førebuingstida si før eksamen i automatisering.

Oppgåver utanfor det dei har lært

Eksamenen er over to dagar – ein dag til førebuing og ein dag til sjølve eksamen. Og då elevane fekk førebuingsoppgåva merka dei feil i datasettet og at dette var noko dei ikkje hadde lært i timane.

Det blei hard pugging heile kvelden før på eit heilt nytt tema me ikkje hadde lært om, seier Wigum.

Wigum meiner oppgåvene dei fekk på eksamen ikkje var å finne på læreplanen, men dette er Utdanningsdirektoratet ueinig i.

– Alle oppgåvene tar utgangspunkt i eitt eller fleire kompetansemål i læreplanen.

Det seier Per Kristian Larsen-Evjen, avdelingsdirektør i Utdanningsdirektoratet.

Han forklarar også at oppgåvene er kvalitetssikra av lærarar i IT-faget, og at språkkonsulentar har gått gjennom tekstane i oppgåvene.

Me har også hatt ei stor samling for lærarar i faget, i forkant av eksamen, for å informere om eksamen. Eksamen er laga med utgangspunkt i læreplanen i faget.

Og på spørsmål om feil i datasettet svarar Larsen-Evjen at datasettet var heilt reelt og autentisk. Han forklarar også at det ikkje er uvanleg at eit slikt datasett inneheld duplikat eller tomme felt.

Det var eit tomt felt i ein av dei omtrent 11.000 radene, som nokon kandidatar ikkje visste korleis dei skulle handtere. Me foreslo ei handtering av dette, som me gjekk ut med på vanleg måte.

Les også: Nær halvparten av unge seier ikkje meininga si i frykt for reaksjonar

Fem unge jenter damer sitter rundt et langt bord i et skolemiljø. De har pc-er foran seg, noen av dem snakker med hverandre. En av jentene ser ut i lufta med et alvor i ansiktet.
Fem unge jenter damer sitter rundt et langt bord i et skolemiljø. De har pc-er foran seg, noen av dem snakker med hverandre. En av jentene ser ut i lufta med et alvor i ansiktet.

IT-lærar Annar Sundseth i IT-klassen på Thora Storm vg

IT-lærar Annar Sundseth meiner det ikkje var samsvar mellom læreplanen og eksamensoppgåvene elevane fekk i IT.

Foto: Mathias Mikalsen / NRK

– Ikkje samsvar

IT-lærar Annar Sundseth var ikkje imponert over oppgåvene elevane fekk.

– Det er ikkje noko samsvar med det me har heldt på med og det som kjem her på eksamen, seier Sundseth.

Sundseth påpeiker at i tillegg til feil i datasettet, så var det eit spel som siste oppgåve som var svært arbeidskrevjande.

– Dette synest eg eigentleg er heilt på grensa i forhold til læreplanen. I IT 2 ser det ut som eg kunne ha droppa mykje av læreplanen.

Sjølv om Utdanningsdirektoratet avviser kritikken Wigum og Sundseth kjem med, skal dei analysere resultata for å forbetre eksamensoppgåvene.

Alle innspel me får frå lærarar og elevar, blir lytta til, og følgt opp, i den vidare utviklinga, legg Larsen-Evjen til.

Trass i dette, trur IT-elev Wigum at det gjekk heilt greitt på eksamen.

– For min del så hadde eg lasta ned programmet på førehand, så eg syntest ikkje det gjekk så ille. Men eg trur det gjekk verre for ein del andre.

Les også: Ble syk «for sent» og får ikke medisin – nå har helseministeren svart

trym6
trym6