Hopp til innhold

Nær halvparten av unge seier ikkje meininga si i frykt for reaksjonar

Mange fryktar personlege angrep og utestenging viss dei seier kva dei meiner. No peikar fleire på at det må takast grep i klasserommet.

Fem unge jenter damer sitter rundt et langt bord i et skolemiljø. De har pc-er foran seg, noen av dem snakker med hverandre. En av jentene ser ut i lufta med et alvor i ansiktet.

OVERRASKA: Lidia Polanska og skulevenninne ved Byåsen videregående skule er litt overraska over det høge talet, men trur woke-kulturen er noko av årsaka til at unge i dag synest det er vanskeleg å ytre seg.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

– Det er jo veldig kjipt at det har blitt sånn. Det er viktig å seie meiningane sine og kunne ytre seg, spesielt i jobb- og skulesamanheng.

Det seier Lidia Polanska (19) som går på Byåsen vidaregåande skule i Trondheim.

Meir enn 40 prosent av unge mellom 19 og 39 år er redde for å seie det dei meiner i frykt for reaksjonar frå andre, viser ei undersøking NRK har gjennomført.

Både Polanska og klassevenninna Sofia Ulfseth Piene (19) er overraska over at talet er så høgt.

Men dei kan også på ein måte forstå det.

Byåsen
Foto: Jøte Toftaker / NRK

– Det kan jo vere fleire grunnar til det, men eg trur det handlar mest om at samfunnet har utvikla så sterke, sosiale normer som følgje av woke-kulturen, seier Piene.

– Storsamfunnet slår veldig hardt ned på radikale meiningar og meiningar som er annleis enn det som er akseptert, seier ho.

Men er det eigentleg nytt at folk er redd for å seie det dei meiner når det bryt litt med den generelle samfunnsoppfatninga?

Klasserom som krigsarena

For å finne svaret på det, har vi funne eit klasserom på Foss vidaregåande skule der det på byrjinga av 90-talet var veldig høgt under taket. Både bokstaveleg og biletleg talt.

Men noko har kanskje endra seg dei siste åra.

Abid Raja i sitt gamle klasserom på Foss vgs

PÅ PLASS: Abid Raja har slått seg ned ved den same pulten han sat på for 30 år sidan.

Foto: Ine Julia Rojahn Schwebs / NRK

– Tavla er erstatta med whiteboard, men elles ser det ganske likt ut!

Abid Raja har entra det gamle klasserommet sitt saman med dei to tidlegare klassekameratane sine, Kristin Førde og Annika Wetlesen.

Her pleidde dei å bruke både skuletimar og friminutt på å diskutere politikk, identitet og kultur.

– Eg hugsar vi var veldig usamde om feminisme og sosialpolitikk, ler Førde, som i dag er postdoktor ved Senter for tverrfagleg kjønnsforsking ved Universitetet i Oslo.

– Eg hugsar eg var veldig sur på deg, Abid, for du meinte at dei fattige berre var late og måtte skjerpe seg og få ein jobb.

Den tidlegare likestillingsministeren bryt også ut i latter.

Abid Raja ser oppgitt ut når han konfronteres med gamle meninger av Annika Wetlesen og Kristin Førde

OPPGITT: Tidlegare likestillingsminister Abid Raja (V) synest det er «heilt vilt» å tenkje på kva tankegods han tredde inn i ungdomslivet med.

Foto: Ine Julia Rojahn Schwebs / NRK

– Oi, det har eg heilt gløymt, men det kan godt hende, innrømmer Raja.

– Eg hugsar det veldig godt, seier Førde og peikar på to tomme pultar bak seg.

– Eg sat her og du sat der og eg hugsar eg hadde lyst til å berre «punche» deg i trynet!

Null sjølvsensur

Men det blei ingen valdelege utbrot. Heller ingen sjølvsensur. I B-klassen på Foss var det lov til å seie akkurat det ein meinte, fortel dei tre tidlegare klassekameratane.

Abid Raja, som kom med pakistansk bakgrunn og eit konservativt verdisett, fortel at det var skilsetjande å bli utfordra av feministane i klassen.

Kristin Førde, Annika Wetlesen og Abid Raja

MINNE: Klasserommet på Foss rommar mange minne.

Foto: Ine Julia Rojahn Schwebs / NRK

– Eg var oppdrege til å tenkje at foreldre skulle bestemme alle vegval. Då vi diskuterte ekteskap fortalde eg jentene i klassen at eg skulle gifte meg med kusina mi, fortel han.

Spørsmåla han fekk tilbake gjorde inntrykk.

– Dei skjønte raskt at eg ikkje eingong hadde treft henne og eg hugsar så godt at dei spurde meg 'men kva vil du, Abid?'

Abid Raja og Annika Wetlesen klemmer

GODE VENNER: Abid Raja og Annika Wetlesen viser gjensynsglede.

Foto: Ine Julia Rojahn Schwebs / NRK

Han hadde enno ikkje tenkt på kva han sjølv ville.

– For meg var dette noko familien bestemmer, sånn hadde det vore i hundreår, og eg var berre ei lita brikke i ein lang tradisjon. Men spørsmåla frå jentene i klassen førte til ein samtale på innsida, seier han.

– Og det er eg veldig glad for, viss ikkje hadde eg antakeleg aldri vore gift med ho eg er gift med i dag, seier Raja.

Abid Raja, Annika Wetlesen og Kristin Førde tilbake i sitt gamle klasserom på Foss vgs

PEIKEFINGER: Kristin Førde (t.h.) var ikkje redd for å snakke med Abid Raja om sitt syn på feminisme, sosialpolitikk og EU for 30 år sidan. Det er ho heller ikkje i dag.

Foto: Ine Julia Rojahn Schwebs / NRK

Nettopp derfor er openheit i klasserommet så viktig, meiner dei tre. Dei synest det er urovekkjande at så mange unge i dag kvir seg for å seie meininga si.

– Hadde eg halde kjeft og ikkje sagt det eg meinte om plassen til jentene i samfunnet, kunne eg heller aldri blitt fri i hovudet, seier Raja.

Ungdommar, kvinner og fleirkulturelle

Tala NRK har samla inn, samsvarer med andre liknande undersøkingar.

– Dei som er mest redde for å ytre seg er unge, ofte kvinner, men også dei med innvandrarbakgrunn, seier Halla Bjørk Holmarsdottir.

Ho er professor i internasjonal og fleirkulturell utdanning ved Oslomet.

– Det er også dei som oftast får kritiske tilbakemeldingar og opplever det ekstra belastande, seier ho.

Halla Bjørk Holmarsdottir, forsker ved OsloMet

HARD DEBATT: Fleire enn før er redde for å seie meininga si, påpeikar professor Halla Holmarsdottir ved Oslomet.

Foto: Ine Julia Rojahn Schwebs

Holmarsdottir meiner bestemt at det er fleire enn før som er redde for å seie meininga si.

– Debatten har blitt hardare dei siste åra. Eg trur vi ser ein litt uheldig tendens der folk ikkje har like mykje filter lenger, og at debatten derfor blir tøffare å delta i.

Trump og woke

Ho meiner det skjedde eit tydeleg skifte i dei sosiale normene for meiningsutveksling medan Donald Trump var president i USA.

– Trump og også Fox News har på ein måte bana veg for at det er OK å ytre seg på måtar som vi kanskje ikkje ville akseptert før, seier Holmarsdottir.

Nokså parallelt kom alle debattane om frigjering og diskriminering. Metoo, Black Lives Matter og transdebatten har alle vore farga av harde ytterkantar, påpeikar professoren.

 Donald Trump

DEN SOM ROPER HØGAST: Meiningane som fell til ytterkantane får mest plass i samfunnsdebatten, påpeikar Oslomet-professor Halla Holmarsdottir. Ho meiner Trump spelte ei viktig rolle i dette skiftet i den offentlege debatten.

Foto: AP

– Alt dette har gjort noko med måten vi kommuniserer med kvarandre på. Dei sterkaste meiningane gjeld, anten det er på høgresida eller venstresida politisk.

Då kan den gjennomsnittlege ungdomsmeininga kanskje falle litt igjennom, trur ho. Og då stoppar mange seg sjølv frå å ytre seg.

– Eg trur det blir skremmande for mange.

Holmarsdottir trur likevel nøkkelen ligg i klasserommet.

– Vi må jobbe meir med debatt og retorikk og korleis vi skal snakke saman om dei tinga som er vanskelege.

Tilbake til klasserommet

Dei tre tidlegare klassekameratane i klasserommet på Foss er samde i at klasserommet er ein unik arena for meiningsbryting.

Men det finst forsking som viser at lærarar ofte unngår kontroversielle tema som vekkjer sterke kjensler fordi det kan føre til at dei mistar kontroll i klasserommet, viser Annika Wetlesen til.

Kristin Førde, Annika Wetlesen og Abid Raja

VIKTIG LÆRARROLLE: Annika Wetlesen, som i dag er førsteamanuensis ved fakultet for lærarutdanning ved Oslomet, meiner lærarar er i ein unik posisjon til å skape trygg debatt.

Foto: Ine Julia Rojahn Schwebs / NRK

Ho er i dag førsteamanuensis ved fakultet for lærarutdanning ved Oslomet. Ho peikar på at lærarane dei hadde på Foss spelte ein vitkig rolle i å skape eit ope klassemiljø.

– Dei baud på seg sjølv og var ærlege om engasjementet sitt i fleire ulike saker. Samfunnsfaglæraren hadde vore på FNs kvinnekonferanse og viste oss filmen «Hair» om Vietnam-krigen. Religionslæraren var open om å vere personleg kristen. Samtidig var dei alltid opne for andre perspektiv. Dei gav oss rom til å vere det òg, seier Wetlesen.

– Eg håpar unge tør å sleppe seg litt meir fri, seier Raja og legg til:

– Det er betre å seie det du meiner og få ein på tyggja verbalt sett. Då får ein også den diskusjonen som gjer at ein utviklar seg.

ENDRINGSLOGG; 31.5.23 kl: 1530 kategoriene i faktaboksen er endret.

Kulturstrøm

  • Nye retningslinjer frå Riksantikvaren

    Riksantikvaren har gitt ut nye retningslinjer for installasjon av solceller på verneverdige bygningar. Det gir håp for dei som ønskjer å kombinere solenergi og kulturarv. – Detter ikkje motstridande konsept, seier sjefen i Solcellespesialisten til Fremtidens Byggenæring.

  • Amerikanske myndigheter saksøker Amazon

    USAs konkurransetilsyn FTC går til søksmål mot Amazon, som tilsynet anklager for å bruke posisjonen sin innen netthandel til å svekke konkurransen.

    Søksmålet har vært ventet lenge etter årevis med anklager om at Amazon.com og andre teknologiselskaper bruker sin dominans innen nettsøk, sosiale medier og netthandel til å hindre konkurrerende bedrifter i å senke prisene. 17 delstater er med på søksmålet. (NTB)

    Amazon-logo på bygning i Tyskland
    Foto: Michael Sohn / AP