Hopp til innhold

Hugs småfuglane i vinter!

Har du lyst på småfuglar i hagen, bør du finne fram fuglematen no.

Småfugler

Desse fuglane kan du finne på brettet ditt.

Foto: Foto/montasje: Kjartan Trana / NRK

Gradestokken kryp stadig nedover, det betyr at småfuglane blir meir på utkikk etter eit fuglebrett.

Ta quizzen: Kjenner du fuglane?

Snø og kulde gjer det vanskelegare for småfuglane å mat i naturen. Viss folk er flinke å gi dei mat, er sjansen for at dei greier seg gjennom vinteren større.

– Det er mest vanleg å gi dei solsikkefrø og meisebollar. Men du kan også gi dei brød og ulike typar frøblandingar. Havre ofte vanleg, seier Kjetil Aadne Solbakken, generalsekretær i Norsk Ornitologisk Forening (NOF), til NRK.

Han legg til at småfuglane ikkje bør få mat som er salta eller krydra.

– Ellers er fuglane flinke til å skille mellom det dei kan ete og det dei ikkje ete

Kjøttmeis og blåmeis

Dei mest vanlege fulgeartane på brettet er kjøttmeis og blåmeis.

Den siste helga i januar gjennomfører Norsk Ornitologisk Forening kvart år ei landsomfattane teljing av hagefuglartar. Rundt 1 000 hagar blir sjekka kvart år.

– I fjor var det mest kjøttmeis, etter det kom blåmeis, skjære og grønnfink i hagane, seier Solbakken.

Kvar bør vi plassere forstasjonane?

– Det er vanleg å plassere dei hagen, slik at du ser fuglane frå vindauget. Dei fleste forar fuglane også for å oppleve dei sjølv. Så du kan enten henge forstasjonen opp i eit tre, eller sette det opp på ein påle. Du kan også sette det fast på veggen, legg Solbakken til.

Pass på katten

Når du skal sette opp eit fuglebrett, er det viktig å passe på at fuglane ikkje blir eit lett bytte for andre dyr.

Det einaste dyret du treng å ta omsyn til er katten. Rovfuglen er det vanskeleg å gardere seg mot for naturen går sin gang.

– Det er ofte mykje kattar i villastrøk, så då bør du sørgje for at fuglebrettet står opent. Om du vel å fore fuglen på bakken, blir dei særleg utsett. Difor bør det vere litt avstand til busker og stadar der katten kan ligge skjult, seier Solbakken.

Kvar er dompappen?

Så langt i år, har det vore lite dompapp på fuglebretta. Men ifølgje ornitologen er det ikkje noko som seier at det er færre dompappar no enn tidlegare.

– Det kan vere den kjem seinare. Dompappen lever i skogen og rører seg mykje. Det kan komme store mengder dompapp frå andre områder, og då vil det plutseleg vere dompapp over alt, seier Solbakken.

Han legg til at når vinteren blir kaldare vil den trekkje meir ned mot tettbygde strok også.