Hopp til innhold

Høgre vil slå saman politidistrikta

Sør-Trøndelag Høgre ber regjeringa om at politidistrikta i Trøndelag blir slått saman. Partiet presenterer dette ønsket på årsmøtet sitt laurdag.

Politiillustrasjon
Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Yngve Brox

Yngve Brox, Høgre-leiar i Sør-Trøndelag.

Foto: Ole Petter Klepp / NRK

– Det er eit behov for å samle ressursane, og dette vil òg bidra til eit meir slagkraftig politi, seier leiaren i Sør-Trøndelag Høgre, Yngve Brox.

Han peiker på at Trøndelag er ein landsdel, som på mange vis fungerer som eitt område.

Vil ha politi der folk er

– For politiet vil det bli enklare også med tanke på etterforsking av saker og organisering av arbeidet, dersom dei ikkje lenger er delt opp i to administrative einingar, meiner Brox.

Han er opptatt av å få meir politi ut der kor folk er, særleg når det er størst risiko for at noko skjer.

– Da må vi bruke færre ressursar på papirflytting og byråkrati internt i politiet, og fleire ressursar på å få politifolka ut i gatene og ut blant folk, seier Brox.

Redd for at det blir ein fjernpolitireform

Per Kristian Heitmann, leder av Politiets fellesforbund, Nord-Trøndelag

Per Kristian Heitmann, leiar i Politiets fellesforbund i Nord-Trøndelag.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

Lokallagsleiar i Politiets Fellesforbund i Nord-Trøndelag, Per Kristian Heitmann, stør ei samanslåing av politidistrikta, dersom innhaldet og tilbodet blir bra nok i heile distriktet.

– Det er innhaldet som er viktig for oss, ikkje firkantane.

Trass i det Brox seier om politi der folk er, er Heitmann redd for at reformen blir ein fjernpolitireform i staden for ein nærpolitireform.

– Skal vi ha eit nærpoliti, der politiet bur, lever og virker blant folk, eller skal vi ha eit samfunn der politiet berre kjem når dei får ein telefon. Forebygging er det viktigaste politiet gjer.

Regjeringa har varsla at dei skal legge fram ei innstilling for Stortinget om politidistrikta.

Det har tidlegare vore foreslått å slå saman trøndelagsdistrikta med dei to i Møre og Romsdal.