Hopp til innhold

Historisk massevaksinering

Aldri før har Trondheim kommune vore involvert i eit så omfattande vaksinasjonsprogram.

Svineinfluensa-vaksine
Foto: Joe Raedle / Scanpix

Trondheim kommune skal setje 15 vaksinar mot svineinfluensaen i timen.

Dei legg til rette for at 50 000 innbyggararar i kommunen skal kunne ta vaksinen.

I desse dagar set dei opp seks ekstra vaksinasjonssenter der innbyggarane kan ta vaksine for svineinfluensaen.

Plan for vaksinasjon

185 000 personar har fastlege i Trondheim. Utrekningar kommunen har gjort viser at kring 37 000 av desse er i risikogruppa for å få bli alvorleg sjuk av svineinfluensaen.

Av desse reknar kommunen med at 10 000 ønskjer å vaksinere seg. Dette talet baserer dei på talet risikopasientar som årleg blir vaksinert mot sesonginfluensaen.

Dei som brukar helse- og velferdstenester, helsestasjonar, skular og tilsette i kommunen vil få sin vaksine innan det ordinære tenesteapparatet.

Resten av innbyggarane i Trondheim får vaksinen på dei ekstraordinære vaksinasjonsplassane. Ifølgje kommunen vil det vere snakk om kring 30 000 personar.

– Vi har prøvd å planlegge så godt vi kan ut frå den kunnskapen vi har, men det er store usikre moment, så vi må vere fleksible framover med tanke på korleis dette utviklar seg, seier kommunaldirektør Tor Åm til NRK Trøndelag.

Usikre på dose

Vaksine H1N1 - Pandemrix
Foto: Jon-Michael Josefsen / Scanpix

Kommunen er per i dag usikre på om folk treng ein eller to doser av svineinfluensavaksinen.

– Det har fram til i dag blitt sagt at alle må ha to dosar, men dei siste dagane har det blitt signalisert at ei dose er nok, så dette er noko vi kjem tilbake til, seier Åm.

Vaksinene vil koste 150 kroner hos fastlegen og 100 kroner på kommunale vaksinasjonsenter.

Det er avklart i møte mellom Den norske legeforening og Helse- og omsorgsdepartementet at fastlegane skal vaksinere dei fleste av sine risikopasientar.

Det er ikkje heilt klart når alle dosane med svineinfluensa kjem til Trondheim.

Ordføraren: - Vaksiner deg!

Ordførar i Trondheim, Rita Ottervik, er trygg på at kommunen har gjort det rette med å legge til rette for ei så omfattande vaksinering av innbyggararne i byen.

– Mi oppfording til dei som er i risikogruppene, eller nær nokon i risikogruppa, er å ta kontakt med kommunen eller fastlegen for å vaksinere seg, seier Ottervik.

Ho legg til at dei som treng vaksinen mest vil bli prioritert først.

Video: Vil at alle vaksinerer seg

Tor Åm
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.