Hopp til innhold

Har venta over ei veke på operasjon

Jan Arve Sinkaberg knekte to fingrar for over ei veke sidan, men ventar enno på operasjon på St. Olavs Hospital i Trondheim. No har han fått infeksjon i det opne brotet.

Knekt finger med ope brot
Foto: Tine Nilsen

Enkelte pasientar må vente opp mot ti dagar på operasjonar, noko som kostar sjukehuset 50.000 kroner.

 

- Frykteleg tungt og demotiverande

Jan Arve Sinkaberg frå Trondheim tryna på sykkel i Bymarka, og det endte med brot i to fingrar. I veslefingeren har han ope brot. No ligg han på St. Olavs Hospital og ventar på operasjon:

- Det er frykteleg tung og demotiverande. Det går på motet laus å bli liggande utan å få gjort nokon ting. Spesielt med tanke på at dette kunne ha vore løyst ganske enkelt og på eit tidleg tidspunkt.

 

Knekte fingrar med ope brot

Jan Arve Sinkaberg har fått infeksjon i det opne brotet i veslefingeren.

Foto: Tine Nilsen

 

Infeksjon i såret

Sinkaberg har fått infeksjon i såret i det opne brotet, noko som er vanleg om det går lang tid før ein gjer noko med denne type skadar. Hadde han blitt operert dagen etter sykkelvelten i bymarka, kunne han sloppe infeksjonen som har sett seg i såret. No må han vente endå lenger:

- Det er for dårleg. Det er fortvilande å bli liggande slik. Eg er ung og oppegåande, men eg kan tenkje meg for eldre folk som blir liggande i fleire dagar på dette viset og måtte vente. Ein må faste den eine dagen i fem til ni timar før du får mat, så får du vite at det ikkje blir ingen operasjon i dag heller. Det tærer på tolmodet.

- Beklageleg

Sjeflege ved St. Olavs, Inger Williams beklagar at pasientar må vente lenge på operasjon:

- Sommarferien er alltid ei utfordring, og nokon pasientar hastar meir enn andre, det vil alltid vere ei prioritering. Det er beklageleg at nokon då blir sett lengre ned på ventelista.

St. Olavs Hospital jobbar med å få ned ventetida på operasjonane, og har i løpet av det siste året redusert utsettingane frå 17 til 11 prosent.