Hopp til innhold

Har identifisert den døde kvinna

Politiet har no funne ut kven kvinna som vart funnen død i Steinkjer, er. Ektemannen hennes ringte til politiet og meldte frå at han ikkje hadde vore i kontakt med ho sidan mandag.

Lundfjæra i Steinkjer

Kvinna vart funnen i fjæra i Steinkjer. Det viser seg at ho drukna.

Foto: Jørn Haudemann-Andersen / NRK

Kvinna vart funnen død i fjæra ved Lundflata i Steinkjer torsdag ettermiddag. Ho hadde ikkje identitetspapirer på seg, og politiet hadde ingen formeining om kven ho var.

Fredag ettermiddag kan politiets etterforskingsleiar, Leif Gundersen, stadfeste at dei veit kven ho var.

– Vi fekk telefon frå ein mann i Trondheim, han hadde ikkje hatt kontakt med kona si sidan mandag. Ho studerte i Nord-Trøndelag og ukependla frå Trondheim, seier Gundersen.

Politiet sette dette i samband med likfunnet, og etter dette vart kvinna identifisert.

– Obduksjonen viser at dødsårsaken er drukning, så vi ser på dette som ei personleg tragedie, seier Gundersen.