Hopp til innhold

Grethe (35) gløymde sykkelhjelm – no må ho leve med kronisk hovudverk

TRONDHEIM (NRK): Grethe Jakobsen skulle berre sykle heim til foreldra i nabolaget på Byåsen, men gløymde sykkelhjelm. Om lag 15 prosent får langvarige plager etter hjerneristing, men forskarane veit ikkje kvifor.

Grethe Jakobsen

SYKKELULUKKE: Grethe Jakobsen (35) skulle besøke foreldra i nabolaget då ho mista kontroll på sykkelen sin.

Foto: Marita Solheim / NRK

Det var fredag ettermiddag i pinsehelga 2011. Grethe Jakobsen sykla med to handleposar på styret.

– Eg merka at det var litt vinglete, så eg prøvde å vere forsiktig.

Sykkelturen som endra livet

Det var berre 800 meter mellom ho og foreldra hennar, så ho droppa hjelmen. Men sykkelturen fekk ein brå slutt.

Grethe hugsar ikkje sekunda før det smalt, men ho veit at den eine posen hamna inn i hjulet like etter ein fortauskant. Ho flaug over sykkelstyret. Venstre side av ansiktet small i bakken.

– Det var sjølvsagt den eine gongen eg ikkje hadde på meg hjelm, seier Grethe litt brydd.

Grethe Jakobsen

TILBAKE PÅ ULUKKESSTADEN: Det var like utanfor Rema 1000 Havstein på Byåsen at Grethe mista kontrollen på sykkelen den varme sommardagen i juni 2011.

Foto: Marita Solheim / NRK

Ho vakna på sjukehuset og var svært omtåka. Ho kom ikkje til seg sjølv igjen før midnatt.

– Eg hugsa ikkje kva for ein dag det var eller kor eg jobba. Det var frykteleg ekkelt å ikkje hugse det.

Konsekvensen var at ho fekk hjerneristing. Smerta i hovudet vart ho aldri kvitt. No må 35-åringen leve med kronisk hovudverk og gå på medisin for å halde det i sjakk.

– Du var ikkje redd for å sykle etter ulukka?

– Nei, eg er veldig glad i sykling. Eg driv med terrengsykling. Det er svingete og steinete, men eg er ikkje engsteleg likevel.

Grethe Jakobsen

TERRENGSYKLING: Ei veke etter ulukka skulle Grethe eigentleg ha delteke i «Jenterittet» på Røros. Det vart sjølvsagt ikkje noko av. 35-åringen har vore på fleire sykkelferiar både før og etter ulukka, mellom anna i Spania og Italia.

Foto: Privat

Sykling er vanleg årsak til hjerneristing

Kvart år kjem fleire tusen personar til legevakta eller sjukehus i Noreg med hjerneristingar. Fall er den vanlegaste årsaka til hovudskadar, men sykkel- og sportsulukker kjem også høgt oppe på lista.

– Når ein får ei hjerneristing er det vanleg å oppleve svimmelheit og hovudverk med ein gong, fortel Alexander Olsen. Han er nevropsykolog ved St. Olavs hospital.

Dei fleste som får lette hovudskadar kan halde fram livet sitt som vanleg etter eit par veker. Men nokre blir både prega og plaga i lang tid etterpå. 10-20 % av dei som får hjerneristing opplever plager som varer lenger enn tre månader.

Olsen fortel at det er veldig individuelt, men at nokon kan ha underliggande psykiske plager.

Alexander Olsen

NEVROPSYKOLOG: Alexander Olsen er førsteamanuensis ved Institutt for psykologi ved NTNU og nevropsykolog ved St. Olavs hospital.

Foto: Steinar Kvam / NTNU

– Hovudskaden kan vere dråpen som får begeret til å renne over.

I ein artikkel i Aftenposten kjem det fram at hjerneristingar kan gje langvarige søvnproblem.

– Det er ikkje uvanleg at ein opplever kvardagslege ting som krevjande dersom ein har hovudverk og har sove dårleg over lang tid, seier han.

Olsen meiner det er positivt at ein kjem seg tilbake på sykkelen etter i ulukke.

– Det er viktigare at folk er aktive og utset seg for litt kalkulert risiko, enn at ein sit heime fordi ein er redd for å slå hovudet sitt, fastslår han.

Forska på kognitive vanskar

Nyleg publiserte forskarar ved NTNU ein artikkel i det høgt rangerte tidsskriftet Neuropsychology. Studien blei gjennomført saman med forskarar frå Harvard Medical School. Her kjem det fram at mange rapporterer om kognitive vanskar, som problem med hukommelsen, men presterer normalt på testane som måler dette.

Forskarane undersøkte 135 personar i alderen 16–59 år. Dei kom til St. Olavs hospital og legevakta i Trondheim med lette hovudskadar, og blei der spurt om å delta i studien. Halvparten hadde vore kortvarig bevisstlause etter skaden.

Toril Skandsen deltok som forskar i studien. Ho er overlege ved St. Olavs hospital og førsteamanuensis ved Institutt for nevromedisin og bevegelsesvitenskap ved NTNU.

– Dette viser at ein ikkje treng å vere så bekymra for kognitiv funksjon.

Toril Skandsen

NTNU: Toril Skandsen er overlege ved St. Olavs hospital og førsteamanuensis ved Institutt for nevromedisin og bevegelsesvitenskap ved NTNU.

Foto: NTNU

Ho fortel at hovudverk er av dei vanlegaste seineffektane etter hjerneristing, men også utmatting.

Kva er det som skjer når smertene ikkje forsvinn?

– Vi treng meir kunnskap om dette. Når det gjeld hovudverk tyder det på at det er ein overaktivitet i dei nervenettverka som har med smerte i hovudet og ansiktet å gjere.

Skandsen vil ha meir forsking på korleis hovudverk utviklar seg i eit livsperspektiv. Som lege ser ho at fleire opplever å bli mykje betre etter nokre år.

Må leve med kroniske smerter

Etter ulukka var Grethe sjukemeld i to månader. Då kunne ho verken sjå på TV, lese eller trene. Då trønderen kom tilbake på jobben ved NTNU hadde ho framleis plager. Ho opplevde konstant hovudverk i tinningen og kjeven på venstre side.

– Eg tok veldig ofte Paracet og Ibux. Legen sa at eg ikkje kunne bruke så mykje smertestillande, og gav meg anna medisin, fortel ho.

Etter ni år har Grethe trappa kraftig ned på medisinen. Målet er å bli heilt medisinfri.

Grethe Jakobsen

NESTEN FRISK: Med riktig medisin fungerer Grethe Jakobsen (35) som normalt i kvardagen. Til dagleg jobbar ho som dyrepleiar i forsøksdyravdeling ved NTNU.

Foto: Roger Myren / NRK

Ho kjem med ei sterk åtvaring til andre syklistar:

– Bruk hjelm! Det var første og siste gong eg sykla utan hjelm.