Den 155 kilo tunge og over to meter lange gravstøtta på Værnes kyrkjegard var ikkje forsvarleg sikra, det slo politiet fast mandag ettermiddag. I løpet av mandagen har politiet avhøyrt dei to andre jentene som var med fireåringen då ulykka skjedde.
Klatra opp på gravstøtta
I følge politiet skjedde ulykka då fireåringen klatra opp på sokkelen, og tok tak rundt sjølve gravstøtta. Då jenta fall bakover følgte støtta med, og den fire år gamle jenta fekk den 155 kilo tunge gravstøtta over seg. Jenta fekk alvorlege hovudskadar, og livet stod ikkje til å redde.
Sikringsarbeidet igang
Frivillige frå menighetsråda og kyrkjevergen starta mandag arbeidet med å sikre gravstøtter som kan vera farlege ved kyrkjegardane i Stjørdal kommune.