Hopp til innhold

Gifttiltalt kvinne forsvunne – blir etterlyst internasjonalt

Kvinna skal ha forsøkt å drepe ektemannen med nervegift. No blir ho også tiltalt for grovt bedrageri på 1,1 million kroner. Men politiet greier ikkje å finne henne.

Bank-ID

DRAPSFORSØK OG BEDRAGERI: Kvinna i 50-åra er tiltalt for å ha svindla ektemannen for 1,1 million kroner i tillegg til å forgifte han.

Foto: Per Håkon Solberg

Medan dei framleis var gift, vart mannen akuttinnlagt elleve gonger på sjukehuset i løpet av eitt år. Siste gongen vart det funne spor av nervegifta akonitin i blodet hans.

I slutten av juni vart kvinna tiltalt for drapsforsøk med plantegift.

Mange mindre kredittlån i løpet av fleire år

Under etterforskinga av giftsaka, kom det fram at kvinna også skulle ha brukt ektemannen sin bank-ID. Slik skal ho ha fått lån på i alt 1,1 millionar kroner i ulike kredittselskap.

Låneopptaka skal i følgje tiltalen ha skjedd frå oktober 2016 til mars 2019.

I midten av juni same året, vart ektemannen innlagd på sjukehus med sterke symptom på forgifting. Det skulle bli ytterlegare ti innleggingar før kona vart sikta for drapsforsøk året etter.

Økonomien til det dåverande ekteparet vart undersøkt under etterforskninga. Etter det NRK kjenner til vart det ikkje oppdaga noko overdrive forbruk.

Førstestatsadvokat i Trøndelag, Bjørn Kristian Soknes, bestemte først at kvinna ikkje skulle tiltalast for bedrageri, men i staden få ei påtaleunnlating.

Soknes grunnga det med at straffa ved ein eventuell dom for drapsforsøk ikkje ville bli strengare om ein la til eit bedrageri.

Bistandsadvokaten til den fornærma mannen klaga avgjerda til Riksadvokaten.

– Bedrageriet har vore ei tilleggsbelastning for klienten min. Det er han som står ansvarleg for gjelda som er tatt opp i hans namn så lenge ingen blir dømt for bedrageriet, seier Vibeke Meland til NRK.

Etterlyst sidan august

Kvinna sat i varetekt frå juni til oktober 2020. I april i år melde ho flytting til ein annan kommune i Trøndelag.

Politiet oppsøkte kvinna i sommar for å informere henne om at ho var tiltalt for drapsforsøk. Ho var ikkje å finne på den nye adressa. Ho svarte heller ikkje på mobilnummera som står oppført på henne.

Etter det NRK kjenner til, har politiet lagt ned mykje arbeid i å finne tiltalte slik at ho kan stillast for retten.

I august vart politiet i Sverige og Danmark varsla i tilfelle ho kryssa grensene.

No blir ho også etterlyst internasjonalt, opplyser statsadvokaten i Trøndelag.

Sidan etterforskninga av giftsaka var ferdig, hadde politiet ikkje høve til å spore mobilen hennar for å finne ut kvar ho kunne vere.

Når personar som risikerer lange fengselstraffer blir sette fri frå varetekt, kan påtalemakta be retten pålegge vedkomande å melde seg jamnleg for politiet. Inndraging av pass er også eit verkemiddel for å hindre at vedkomande reiser langt avgarde.

Det vart ikkje gjort i dette tilfellet.

– I ettertid ser vi at tiltalte burde hatt meldeplikt eller at passet hennar vart inndrege, seier Soknes til NRK tysdag.

Forsvarar: – Har ikkje hatt kontakt sidan før sommaren

John Berg er forsvarar for tiltalte. Berg veit ikkje korleis klienten hans stiller seg til bedrageritiltalen.

– Eg har ikkje hatt kontakt med henne sidan før sommaren, seier Berg til NRK.

– Ho har frå første stund nekta for å ha noko med forgiftingane å gjere.

Tiltalte og fornærma er no skilde. Ekskona er svært interessert i planter og det vart funne ein Storhjelm i fellessøpla heime hos dei.

Dokument frå fengslingsmøte viser at kvinna meiner den dåverande ektemannen kan ha freista å forgifte seg sjølv, noko han avviser.

I byrjinga av saka trudde han ikkje at kona kunne ha forgifta han og sa at «forholdet var heilt topp».

Storhjelm.

GIFTIG PLANTE: Det er berre i planta Storhjelm ein finn nervegifta akonitin som ektemannen hadde spor av i blodet.

Foto: NRK

Han hadde hjartestans to gonger under innleggingane, var sjuk lenge og måtte sitte i rullestol.

No er han tilbake i jobb.

Etterforskinga har ikkje avklart korleis mannen fekk i seg akonitin og om det var andre gifter som gjorde mannen svært sjuk tidlegare.

Etter planen skulle rettssaka opp i Trøndelag tingrett før jul.