Hopp til innhold

Skuleleiarar åtvarar mot strenge koronatiltak

Mange lærarar er sjuke, og skulane slit med å få tak i vikarar. No fryktar rektor at nye eventuelle koronatiltak vil gjere situasjonen enda vanskelegare.

Eberg skole

SMITTE: Eberg skole i Trondheim er ein av 24 grunnskolar i byen som no er ramma av koronasmitte.

Foto: Arne Kristian Gansmo / NRK

Politikarane i Trondheim bestemde i formannskapsmøtet tysdag at dei ikkje vil innføre munnbindpåbod i Trondheim. Med det gjekk dei altså vekk frå forslaget frå smittevernoverlegen og teamet hennar.

I staden har politikarane bestemt å ha eit ekstraordinært formannskapsmøte onsdag. Der vil eventuell innføring av gult nivå på skulane vere eit tema.

– Kvifor har de ikkje innført gult nivå på skulane som er mest ramma?

– For å innføre trafikklysmodellen når det ikkje er eit nasjonalt regime rundt dette, må det til eit lokalt vedtak. Det må bli ein del av formannskapsmøtet onsdag, seier Lasse Arntsen, oppvekst- og utdanningsdirektør i Trondheim.

Tysdag kveld møter Arntsen resten av den administrativ leiinga i kommunen og kommunelegane for å komme med ei tilråding til formannskapet på onsdag.

Til NRK seier Arntsen at det blir ein intensiv kveld.

Store bemanningsproblem

Skulane i byen står i ein svært krevjande bemanningssituasjon.

– Det er veldig vanskeleg å få tak i vikarar no. Mange lærarar er heime med virusinfeksjonar. Det er veldig vanskeleg å få til drift. Ein må finne løysingar som gjer at ein framleis får til å drive skular, seier Gry Camilla Tingstad, som er leiar i Utdanningsforbundet i Trondheim.

Utdanningsforbundet organiserer både lærar og rektorar i byen.

Rektor ved Ila Skole, Trude Mathiesen peiker også på at gult nivå vil gjere ein krevjande bemanningssituasjonen enda meir krevjande.

– Sidan vi då eventuelt ikkje kan flytte tilsette mellom trinn, det same problemet vil få på SFO. Gult nivå vil vere krevjande for oss, seier rektoren.

Rektor ved Singsaker skole, Espen Nyhagen er også bekymra for strengare tiltak.

– Å innføre nye tiltak eller gå over til gult nivå, vil krevje meir bemanning i skulen. Vi er allereie i ein pressa situasjon og vil då få utfordringar, seier han til Nidaros.

Utdanningsforbundet håper politikarane tar omsyn til det når dei eventuelt fattar nye tiltak.

– Eit alternativ kan vere å ha heimeskule for trinn med mykje smitte inntil situasjonen har normalisert seg, som ein har gjort med hell på ein del vidaregåande skular i byen allereie, seier Tingstad.

Gry Camilla Tingstad har tatt av seg streikeskjorta.

STORE BEMANNINGSPROBLEM: Gry Camilla Tingstad, som er leiar i Utdanningsforbundet i Trondheim, fortel om store bemanningsproblem ved fleire skular.

Foto: Per Olav Alvestad / NRK

– Skeptisk

Dei aller fleste som får koronaviruset i Trondheim no, er elevar i barneskulen. Av alle smitta førre veke, var 60 prosent i den aldersgruppa.

Ved Ila skole testa ein av fire elevar positivt for korona i førre veke, ifølge VG.

No er situasjonen i ferd med å normalisere seg, fortel rektor Mathiesen. Ho meiner dei har klart å handtere smitten greitt utan trafikklysmodellen og er skeptisk til nye kommunale innstrammingar på skulen.

Tingstad ønskjer heller ikkje generelle og inngripande tiltak mot smitte på skulane i byen.

– Overordna er det eit veldig godt initiativ for å skjerme dei sårbare barna, men når det gjeld tiltak, så er leiarmedlemmane våre veldig opptatt av at dei må vere målretta og lokale, seier ho.

Ungane som testa positivt for korona ved Ila Skole er no på veg tilbake til ein vanleg skulekvardag.

– Det hadde vore rart om vi vart pålagt gult nivå no. Det burde vere opp til kvar enkelt skule å bestemme, seier Mathiesen.

Rektor ved Ila Skole, Trude Mathiesen

ÅTVARAR MOT FOR STRENGE TILTAK: Rektor ved Ila Skole, Trude Mathiesen vil sjølv bestemme kva tiltak dei skal ha på skulen.

Foto: Julie Haugen Egge/NRK

Stort sjukefråvær

39 skular i Trondheim har blitt ramma av koronasmitte dei to siste vekene. Førre veke måtte over 500 barn vere heime frå skulen på grunn av covid-19.

Mange av dei er så små at også foreldra må vere heime. Koronasituasjonen bidreg til stort sjukefråvær og såleis stor belastning på samfunnet, fastslår kommunen.

Etter at kommuneadministrasjonen foreslo munnbindpåbod, har mange spurt kvifor det ikkje heller blir innført tiltak som er meir målretta mot skulen.

– Det er avgjerande at vi ser på tiltak på samfunnet elles – ikkje berre set søkelys på skulane, seier Arntsen.

Han grunngjev det med at det er svært viktig for barna med ein så normal kvardag som mogleg.

59 nye personar vart registrert smitta i Trondheim på måndag. Tolv koronapasientar er i dag innlagt på St. Olavs hospital. Sjukehuset opplyser at to av pasientane ligg på intensivavdelinga, og at den eine er kopla til respirator.