Hopp til innhold

Fotballtrenerforeninga kritiserer RBK: – Skremmande å sjå at ein så stor og respektabel klubb svikta

Dagleg leiar i Fotballtrenerforeninga meiner at dersom Rosenborg hadde vore meir profesjonell hadde ikkje sparkinga av Kåre Ingebrigtsen enda opp som ein offentleg «skittentøyvask».

Kåre Ingebrigtsen

Kåre Ingebrigtsen fortel til NRK at han har fått stygge meldingar frå styremedlem under og etter kampar.

Foto: Linda Bjørgan / NRK

For litt over ein månad sidan fekk både hovudtrenar Kåre Ingebrigtsen og assistenttrenar Erik Hoftun sparken. Begge er tydleg frustrert over måten dei har blitt behandla på. Ingebrigtsen fortalde blant anna til NRK i går at han har fått stygge meldingar frå styremedlem både under og etter kampar.

– Rosenborg er lokomotivet i norsk fotball, og då må styret gjere ting på ein ordentleg måte. Det synest eg ikkje dei har gjort. Prosessen som har vore er ikkje Rosenborg verdig, seier Ingebrigtsen.

Teddy Moen som er dagleg leiar i Fotballtrenerforeninga er heilt einig:

– Vi er veldig skuffa og overraska over at ein så stor og respektabel klubb som Rosenborg regelrett har bomma når det kjem til ein god prosess rundt oppsigelsen av trenarane, seier Moen.

Teddy Moen

Dagleg leiar i Fotballtrenerforeninga seier at saka kan ende i eit søksmål mot Rosenborg.

Foto: Linn Husby / NRK

– Burde sei unnskyld til Ingebrigtsen

Magne Lerø som er redaktør i avisa Ledelse meiner dette tydar på ein dårleg styrekultur i klubben. Hen reagerer sterkt på meldinga Ingebrigtsen fortel om.

– Dette er uhøyrd. Dersom Ingebrigtsen kan dokumentere meldinga bør det aktuelle styremedlemmet sei unnskyld, for slik skal ikkje eit styre opptre.

Lerø kallar det primitivt:

Magne Lerø

Redaktør for avisa Ledelse, Magne Lerø, refsar Rosenborg sin prosess rundt oppsigelsen av trenarduoen.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / SCANPIX

– Eg har sett liknande tilfelle før, men dette vil eg plassere i verstingklassen. I aktuelle saker er det styret sin leiar som skal kommunisere, og dei andre medlemmene skal halde kjeft. Dei skal uttale seg og sei kva dei meiner på styremøte.

Brot på regelverk

Moen i Fotballtrenerforeninga seier at Rosenborg burde setje seg betre inn i kva lover og reglar som gjeld i arbeidslivet. Han fortel også at dei ser igjen same trekka i fleire norske klubbar:

– Det verka som ein del norske fotballeiarar ikkje trur at Arbeidsmiljølova gjeld for trenarar. I dette tilfelle har Rosenborg brote fleire reglar i arbeidslivet, seier Moen.

Kåre Ingebrigtsen

Kåre Ingebrigtsen respekterer Rosenborg sitt val om å sparke trenarduoen, men han meiner heile prosessen er handtert på ein dårleg måte.

Foto: Linda Bjørgan / NRK

Han meiner at dersom klubben hadde opptredd meir ryddig og profesjonelt hadde ikkje sparkinga av trenarduoen enda opp som ein offentleg «skittentøyvask»:

– No ligg saka hos ein advokat. Dersom dei meiner at prosessen her ikkje har vore dårleg eller usakleg kan det ende i eit søksmål mot Rosenborg.

Ingebrigtsen og Hoftun vil ikkje seie om dei ønsker å gå til sak.

NRK har også vore i kontakt med Rosenborg sin styreleiar, Ivar Koteng. Han vil ikkje kommentere utsegna frå Magne Lerø og Teddy Moen.

– Som arbeidsgjevar kan vi ikkje kommentere ting som har skjedd i forhold kring tidlegare tilsette, seier Koteng til NRK.