Hopp til innhold

Fekk halvtanna år i strafferabatt for familievald på grunn av politisommel

Politiet brukte over tre år på å etterforske ei grov familievaldsak og skulda på at den sikta var vanskeleg å få tak i. Sjølv då vedkomande sat i fengsel fekk ikkje politiet avhøyrt han.

Tinghuset i Trondheim
Foto: Anders Ulvolden / NRK

No er han dømt og får halvtanna år lågare fengselsstraff på grunn av somlinga hos politiet.

Det er lang tradisjon i Noreg for å gi rabatt på straffa på grunn av treg etterforsking hos politiet og andre styresmakter.

Var stadig på tur rundt om i Noreg

Mannen i slutten av 40-åra som har vore busett i Trøndelag i mange år, stod nyleg tiltalt i Sør-Trøndelag tingrett for grov vald mot kona si gjennom åtte år. Då hadde det gått nesten fire år sidan etterforskinga starta.

Det var kona som fortalde om valden då ho var i eit avhøyr i 2016 om ei anna sak mannen var innblanda i. Mannen fekk då besøksforbod mot kona. Han hadde ikkje fast adresse, men politiet nådde han på telefon og e-post av og til. Etter kvart ønska politiet å avhøyre han om skuldingane frå ekskona.

Fleire politidistrikt vart bedne om å oppsøke han på mogelege adresser, men med lite hell. Andre gonger gav han beskjed om at det ikkje passa å bli avhøyrt.

Det var også tilfellet i andre straffesaker mannen var innblanda i, opplyste aktor, politiadvokat Hans Vang under forhandlingane i Sør-Trøndelag tingrett denne veka.

Hans Vang
Foto: Morten Andersen / NRK

Først i januar 2018 fekk mannen vete at han var sikta for vald og han fekk etter kvart oppnemnd forsvarer.

Også han hadde til tider problem med å få tak i klienten kom det fram i retten. I byrjinga av 2019 sona mannen ein fengselsdom. I Sør-Trøndelag tingrett kom det ulike versjonar frå partane om kvifor det heller ikkje vart noko avhøyr under fengselsopphaldet.

Hovudet på skjerefjøla

Mannen er tiltala etter paragraf 283 for vald mot nokon som står ein nær.

Drapstrugslar med mellom anna kniv, skal ha skjedd ved fleire høve frå 2008 til 2016.

Etter ønske frå fornærma sat eksmannen bak i salen utanfor synsvidde under vitnemålet hennar i Sør-Trøndelag tingrett denne veka.

Både kjøtkniv og brannsløkkingsapparat vart brukt av tiltalte mot kona, ifølgje tiltalen.

Ein gong, mens ho låg på bakken etter ha flykta frå huset, truga han med å drepe henne. Han heldt eit brannsløkkingsapparat mot hovudet og sa han skulle plassere apparatet inne i hovudet hennar. Ved eit anna høve vart ho lagt på kjøkenbenken med hovudet på skjerefjøla. Deretter pressa han ein kjøtkniv mot halsen hennar og spurte om han skulle skjere hovudet av henne.

«Eg tenkte: No sprekk huda. Barna er i huset. Skal han drepe dei også?» sa ekskona då ho vitna i retten.

Et vitne i mishandlingssaken laget denne tegningen av kniven som ble brukt på moren

KNIVEN: Eit av vitna teikna kniven som mora vart truga med.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Ho fortalde at då ho bad han om å sleppe henne, ramla ho saman på golvet. Mens ho låg der i «fosterstilling» og gravid, sparka han henne fleire gonger.

Tiltalte var ein «veldig hyggeleg, sjarmerande mann» då dei møttest, ifølgje kvinna. Etter at dei gifta seg endra han seg veldig fort, meinte ho. Dei fekk fleire born saman.

– Eg visste aldri når han kom til å kjefte, truge eller slå. Han kom ofte heim seint på kvelden, etter at barna hadde lagt seg.

Som utanlandsk statsborgar kjende ho ikkje så mange. Tiltalte sa til henne at alt var farleg i Noreg. Barnevernet kunne kome og ta ungane om ho ikkje oppførte seg. Derfor våga ho ikkje å melde frå om valden fordi ho frykta å misse omsorg for barna.

Vitneboks i Trondheim Tingrett

HER VITNA EKSKONA: Fortalde om frykt og mishandel gjennom åtte år.

Foto: NRK

Ønska seg lydtette øyretelefonar til jul

Den eldste ungen, som no er myndig, var i avhøyr på Barnehuset då etterforskinga starta i 2016. Vedkomande vitna også i tingretten.

– Heile barndomen min er som eit komplett kaos med kjeftbruk, slag og mamma på gråten.

Episoden med brannsløkkingsapparatet var ungen vitne til. Likeins då tiltalte heldt kniven over halsen på mora. Mora kan ikkje hugse at ho såg ungen ved kjøkenet då. Men i det tilrettelagde avhøyret med barnet kom det fram.

I retten vart vitnet bede om å beskrive kniven og teikna den då for domaren.

– Kan du hugse gode og rolege periodar i barndomen din, spør domaren.

– Då han (tiltalte red.anm) ikkje var der. Når eg drog på skulen visste eg aldri kva eg kom heim til.

Til jul ønska ungen seg lydtette øyretelefonar for å sleppe å høyre bråket.

Å varsle politiet eller barnevernet trudde verken mor eller unge var nokon vits. Ifølgje dei sa faren at han alltid skulle greie finne dei. Og sidan dei var utanlandske, så kunne dei brått «forsvinne» fordi han kjende folk som kunne syte for det.

Ein gong starta det å brenne på kjøkenet. Då kom politiet veldig fort.

– Dei kom på under fem minutt. Fem minutt, gjentok eg fleire gonger til mamma.

For då byrja ungen å tenkje at dei kanskje skulle ha ringt politiet om forholda lenge før.

Den no vaksne ungen har gått til psykolog for angst og tvangstankar og har fått diagnosen Posttraumatisk stressliding (PTSD)

Hysterisk og sjalu kone

– Overhovudet ikkje, svarte tiltalte på spørsmål frå domaren om han erklærte seg skuldig etter tiltalen. Han nekta for å nokon gong «ha lagt hand» på ekskona.

– Det som er fortalt her er så grovt, sa tiltalte.

– Eg har aldri brukt kniv mot nokon.

Mannen i 40-åra la ikkje skjul på at det var mykje krangling og konfliktar i heimen. Dette forklarte han med at kona ofte vart «hysterisk». Det skuldast tidlegare opplevingar ho hadde hatt før han møtte henne, meinte tiltalte. Når ho fekk «raserianfall» hende det at han heldt henne igjen.

Pengekrangel og utanomekteskaplege forhold nekta han heller ikkje for i retten. Han kunne vere borte i veker og månader om gongen.

– Ho var veldig sjalu og no skal ho hemne seg, sa tiltalte.

Han viste til at han brukte fleire hundre tusen kroner på å sette hus og heim i stand.

Tiltalte avviste at det var han som stadig kom tilbake til henne. Det var ho som ikkje ville gi slepp på han. Skepsisen mot barnevernet var noko han sjølv hadde fått etter omsorgstvist for barn frå eit tidlegare forhold. Etter det vart han også dømt for å ha slått ungane gjennom to år. Ein dom som tiltalte kalla «justismord».

Ei vaksen dotter frå tidlegare forhold vitna på telefon til retten. Ho fortalde om ein barndom fylt av «psykisk og fysisk mishandling».

Tiltalte nekta for også dette.

Tinghuset i Trondheim

TRONDHEIM TINGHUS: Rettsaka gjekk i Sør-Trøndelag tingrett denne veka

Foto: Anders Ulvolden / NRK

Brot på Grunnlova og EMK

Gjennom heile ekteskapet har tiltalte utsett både mor og ein av ungane for eit «regime» prega av vald og trugsmål, står det i domen frå Sør-Trøndelag tingrett. Strafferammene for familievald er heva fleire gonger dei siste åra. Retten meiner at straffa i denne saka burde vore på mellom tre og eit halvt og fire år i fengsel.

Aktor bad om fire års fengsel og ingen strafferabatt. Han la alt ansvaret for den lange saksbehandlingstida på tiltalte som vanskeleg å få tak i.

Men retten er ikkje samd. Det er påtalemakta som må ha ansvaret for framdrifta i ei straffesak.

I over tre år fekk politiet fleire signal om at kommunikasjonen med sikta ikkje ville leie fram til noko avhøyr. Tiltalte kan derfor ikkje lastast for mykje av forseinkinga, meiner retten.

Tiltalte vart dermed dømt til to år og seks månaders fengsel

Sør-Trøndelag tingrett slår også fast at tre års saksbehandlingstid er ei krenking av Grunnlova og Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) om straffesaker.

– At det reint faktisk har tatt for lang tid å få saka avgjort er det inga tvil om. Det seier aktor, politiadvokat Hans Vang i Trøndelag politidistrikt til NRK.

– Eg ser at tingretten ikkje har same synet som påtalemakta på om domfelte kan lastast for dette, seier Vang.

Forsvarer Halvard Helle er nøgd med at retten meiner det ikkje er grunnlag for å velte ansvaret for den lange saksbehandlingstida over på tiltalte.

Men han må betale 100 tusen i oppreisning til ekskona og 75 tusen kroner til barnet som i tillegg til å ha blitt slått også var vitne til vald mot mora.

Etter det NRK erfarer, vil tiltalte anke domen.

Han skulle etter eige ønske møte fram på ein namngitt politistasjon for å få forkynt domen fredag kl 1330. Tiltalte møtte ikkje, etter det NRK får oplyst.

Ove Bugten, politibetjent ved Orkdal lensmannskontor

ETTERFORSKA: Politibetjent Ove Bugten var delvis etterforskar . Han vitna om problema med å få tak i tiltalte gjennom fleire år.

Foto: Kari Sørbø / NRK