NRK Meny
Normal

1500 færre plassar på bygg- og anleggsfag

Stadig færre elevar søkjer seg til bygg- og anleggsfag som slit med dårleg omdøme. Dermed kan den norske bygg- og anleggsbransjen bli som drosje- og hotellnæringa der store delar av arbeidarane er utlendingar.

Byggjeplass Hommelvik sjøside

BYGD OPP AV UTANLANDSK ARBEIDSKRAFT: Store delar av leilegheitsblokkene ved sjøkanten i Hommelvik blir bygde av utlendingar.

Foto: Liv Ragnhild Holdhus Sjursen / NRK

– Det er dumt. No kan eg gå til skulen, men neste år må eg ta to bussar.

Vetle Størkersen

MÅ BYTE SKULE: Neste år må Vetle Størkersen halde fram med bygg- og anleggsteknikk ved ein annan skule.

Foto: Liv Ragnhild Holdhus Sjursen / NRK

Vetle Størkersen er elev på VG1 på bygg- og anleggsteknikk ved Malvik vidaregåande skule. I dag er siste skuledag for elevane på bygg- og anelggslina. Det er òg siste dag då det finst ei bygg- og anleggsline på skulen.

Til hausten blir den lagt ned.

Dårleg marknadsføring og låg status

64 plassar på bygg- og anleggsteknikk forsvinn i Sør-Trøndelag til hausten.

I følgje tal som NRK har samla saman, har det blitt minst 1500 færre plassar på bygg- og anleggsteknikk i Noreg frå skuleåret 2008/2009 til i dag.

Grunnen til det er at få søkjer seg til denne lina.

– Eg trur ikkje yrkesfag har klart å marknadsføre seg godt nok, seier Håvard Haakonsen, tidlegare tømrar og no lærar på Malvik vidaregåande skule.

– Byggjebransjen er ei premissnæring for alle andre næringar, og det er ikkje gunstig at vi skal få slik nedgang i byggfaga. Det er fleire måtar å byggje opp kompetanse i eit fag, men eg trur der viktig å ikkje gje slepp på den norske kompetansen innan byggfag.

Renn over av utlendingar

Are Søpstad

KLAR TALE: Bodskapet til ungdomsskuleelevane frå Are Søpstad er klart: bli tømrar!

Foto: Liv Ragnhild Holdhus Sjursen / NRK

Are Søpstad jobbar på Byggmestrenes servicekontor i Trondheim og formidlar kontakt mellom elevar og bedrifter innan tømrarfaget. Han trur bygg- og anleggsbransjen slit med ryktet om for mange utlendingar, og at det er med på å bremse søkjinga til bygg- og anleggsteknikk-liner.

– Det er populært å seie at bygg- og anleggsbransjen renn over av utlendingar, og derfor trur eg mange kvir seg for å velje bygg- og anleggsteknikk på vidaregåande.

Det kan få store følgjer for framtida til den norske bygg- og anleggbransjen.

– Viss ikkje vi klarar å fokusere på kvaltiet, kvalitet, kvalitet, og lære opp skuleungdom i bygg- og anleggsfaga, kan vi få tilstandar som i drosje- og hotellnæringa som er totalt dominert av utanlandsk arbeidskraft.

1 av 3 er utlending i byggjebransjen

Øystein Santi

MANGE UTLENDINGAR: På prosjektet Hommelvik sjøside jobbar det utlendingar frå Polen, Lativa og Estland, fortel prosjektleiar Øystein Santi.

Foto: Liv Ragnhild Holdhus Sjursen / NRK

I dag er ein tredjedel av arbeidarane i bygg- og anleggsbransjen er utanlandske. Det viser tal frå landsforeininga for byggjenæringa.

Nokre av desse utanlandske arbeidarane jobbar no med å setje opp fleire nye leilegheitsblokker i Hommelvik i Sør-Trøndelag.

– Vi har arbeidarar frå blant anna Polen, Lativa og Estland, seier Øystein Santi.

Han er prosjektleiar frå entreprenøren Teknobygg Anlegg AS som byggjer leilegheitsblokkene langs sjøkanten i Hommelvik.

– Vi manglar ikkje arbeidarar til dette prosjektet, for vi hentar det vi treng frå utlandet. Men på sikt er jo ikkje dette bra for norsk arbeidskraft.

– Eg trur norske fagarbeidarar blir etne opp av den utanlandske marknaden, og vi ser jo det allereie med permiteringar til dømes innanfor tømrarfaget, betongfaget og gravefaget. Det er ei skremande utvikling, seier Santi.

Kvalitet, kvalitet, kvalitet

For å konkurrere med utanlandsk arbeidskraft, må norske fagarbeidarar satse på kvalitet og tryggleik for kundane. Det meiner Søpstad på Byggmestrenes servicekontor i Trondheim.

– Utanlandske arbeidarar i bygg- og anelggsbransjen tar på seg "generelt byggjearbeid", som dei kallar det, kor dei både flislegg, målar, snikrar, vaskar og gjer alt mellom himmel og jord. Då trur eg kvaliteten blir deretter.

– Vi er spesialistar i tømrarfaget, og er utdanna for å drive tømrararbeid. Vi skal ikkje måle eller flisleggje eller sånn, det skal dei som har utdanning til det gjere.

Målingsspann

EITT AV FLEIRE FAG: På bygg- og anleggslina er målarfaget eit av mange fag elevane skal innom før dei spesialiserar seg i eitt av dei.

Foto: Liv Ragnhild Holdhus Sjursen / NRK

Søpstad har starta kampanjen "Bli tømrer!", og reiser no rundt på ungdomsskular for å få fleire til å velje bygg- og anleggsteknikk på vidaregåande.

– Det vil vere mykje arbeid framover i bygg- og anleggsbransjen, både med å byggje hus og halde dei ved like. Bodskapet vårt er at elevane må søkje seg til yrkesfag, og bygg- og anleggsteknikk, og kome seg inn i eit godt og trygt arbeidsmiljø i framtida.

– Det er flott å vere i bygningsbransjen. Du får brukt kroppen din, du er i aktivitet og kjem i god fysisk form når du er ute og jobbar heile dagen. Ikkje minst får du den gode kjensla av å vere med å byggje noko, av "dette har eg vore med å bygd, sjå kor flott det er!".

Vetle Størkersen på Malvik vidaregåande skule har iallfall bestemt seg for å satse på bygg- og anleggsbransjen.

– Eg skal bli tømrar, og byggje mitt eige hus.

Video fra Trøndelag

Fjellklatreren Adam Ondras suksess i Hanshelleren har gitt Flatanger omtale langt utenfor Norges grenser.
Sverre Magnus Selbach fikk oppfylt fiskedrømmen da han fikk en 1,8 meter lang svartskate på kroken i Trondheimsfjorden.
Cirka 8000 deltok i årets Pride-parade i Trondheim