Hopp til innhold

Svekka mistanke om kriminell handling – kvinne i 60-åra skal obduserast

Mann hadde besøksforbod mot kvinne som blei funnen død. No er han han lauslaten og mistanken svekt.

Krimteknikere i arbeid på Orkdal 17. mai 2022.

PÅ STADEN: Krimteknikarar frå politiet i arbeid på staden der personen blei funnen død.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Det var klokka 11 i føremiddag at politiet fekk melding om at ei kvinne i 60-åra var funnen død rett utanfor sin eigen bustad på Orkanger i Trøndelag.

– Slik som vi fann avdøde var det naturleg å setje i gang etterforsking for å nærare etterforske omstenda rundt dødsfallet, seier politiadvokat Hans Vang til NRK.

Politiet pågreip raskt ein mann og sikta han for grov kroppskrenking, men han blei sleppt laust frå varetekt klokka 15.

– Då vi fekk gjort krimtekniske undersøkingar av avdøde, så vart det fort klart at det ikkje var nokon ytre skadar som kunne forklare dødsfallet og dermed vart mistanken om at det hadde skjedd noko straffbart betydeleg svekt, seier politiadvokaten.

Politiet stadfestar at mannen som blei pågripen hadde besøksforbod mot den avdøde kvinna og at han er mistenkt for å ha kome med truslar mot ho.

Mistenkelig dødsfall i Orkanger

Politifolk og krimteknikarar kom raskt til staden der kvinna blei funnen død.

Foto: Joakim Halvorsen / NTB

Skal obduserast

– Ser de vekk frå at det har skjedd noko kriminelt?

– Vi kan ikkje fullt og heilt sjå vekk frå det før vi har ein obduksjonsrapport som kan seie noko om dødsårsaka, men per no er det ingen haldepunkt for at det har skjedd noko straffbart, seier Vang.

Den avdøde skal ikkje hatt teikn til ytre skader som kunne forklare dødsfallet.

– Vi gjennomfører framleis undersøkingar og vi vente på eventuell obduksjonsrapport for å komme nærare dødsårsaka, men etterforskingsinnsatsen er betydeleg nedskalert no.

Politiet blei varsla om funnet klokka 11.08.

– Saka blir etterforska som eit mistenkeleg dødsfall og vi er på staden med fleire einingar, opplyste operasjonsleiar Bjørnar Gåsvik i Trøndelag politidistrikt tidlegare tysdag.

Pårørande er varsla.

Vurderer krisehjelp

Krimteknikarar frå politiet jobba med å sikre området med tanke på moglege tekniske bevis, men konsentrerte seg etter kvart om den avdøde personen.

Kommunedirektør i Orkland, Ingvill Kvernmo, opplyser til NRK at dei førebels ikkje har sett nokon krisestab etter hendinga.

– Vi har vore i kontakt med politiet og vi stiller med eit kriseteam om det er naudsynt, seier Kvernmo.

Politi i arbeid på Orkdal 17. mai 2022.

Alt tilgjengeleg mannskap frå politiet blei sendt til Orkdal og staden der den døde personen blei funnen.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK