Hopp til innhold

Erstatning etter omsorgssvikt

Ein 63 år gamal mann får 725 000 kroner i erstatning frå Trondheim kommune etter å ha vore elev ved Osloveien skole.

Osloveien skole
Foto: NRK

Mannen har tidlegare fått 500 000 kroner, men var ikkje nøgd med summen og klaga på dette.

63-åringen er ein av rundt 200 tidlegare elevar som har søkt om å få erstatning for omsorgssvikt, overgrep og tapt barndom ved Osloveien skole.

- Det er ikkje pengane som er det viktigaste, men det å bli trudd. Eg er letta over å vere ferdig med saka og sleppe å tenke meir på det, seier 63-åringen til NRK Trøndelag.

Flaut å snakke om

63-åringen klaga saka inn til klientutvalet for oppreisingssaker. Før han fekk erstatninga, han meinte han hadde krav på, måtte han utdjupe og fortelje om overgrepa han hadde blitt utsett for på skulen.

- Eg blei spurt om ganske personlege ting og det var litt flaut, for det var unge jenter som spurte meg ut om det som hadde skjedd, men eg tålte det, seier mannen som ønskjer å vere anonym.

Den siste som klaga

63-åringen er den siste i rekka som klagar på erstatningssummen frå Trondheim kommunen.

I alt 207 tidlegare elevar har søkt om erstatning, men berre 73 personar har fått behandla søknaden sin. Det betyr at 134 personar ventar framleis på svar.

- Dette er ein prosess som har tatt veldig lang tid og det er unødvending sett med våre augo, seier leiar av støttegruppa for Osloveien skole, Tore Audun Johnsen, til NRK Trøndelag.