Hopp til innhold

Elden skal bli råare - og ømmare

Prøvane på musikkspelet Elden er i gang på Røros. – Årets spel skal bli råare - og samtidig meir ømt, lovar regisør og kapellmeister.

Paul Ottar Haga

Paul Ottar Haga er regisør for Elden, og har i tillegg rolla som general Carl Gustav Armfeldt.

Foto: Bjørn Solli / NRK

Premieren er 27. juli og fram til 6. august blir det i alt 10 framsyningar. I fjor såg 12.000 Elden, som første gong vart framført i 1994.

– Det byrja som eit eit rockekonsert-teater og utvikla seg til ein rockemusikal. No er det i ferd med å utvikla seg til eit dramatisk teater med musikk, seier regisør Paul Ottar Haga.

Musikken tettare til handlinga

– I år prøver vi å få musikken til å liggje tettare opp til det som foregår på scenen, seier han.

Og det stemmer musikalsk leiar Trond Hustad i.

– Mi oppgåve er først og fremst er å forsterka det som skjer på scenen, seier Hustad.

Trond Hustad

Kapellmeister Trond Hustad har god oversikt i glashytta si ved scena, og lovar at musikken skal forsterka handlinga.

Foto: Bjørn Solli / NRK

– Det som er folkemusikk skal bli endå meir folkemusikk enn i fjor, det som er krig og rått skal blir endå meir rått - og det som er ømt, skal bli endå ømmare, seier kapellmeisteren, som i år også har fått med ein cello i orkesteret.

Krigens helvete

Dei gamle slegghaugane utgjer ein majetestisk scene for dramatikken som utspinn seg i seine kveldstimar. Ein sentral del av handlinga i det historiske musikkspelet, som er skrive av Arnfinn Strømmevold og Bertil Reithaug, er det svenske felttoget i 1718-19, då 10.000 soldatar gjekk mot Trondheim for å ta Noreg.

Soldater ved Elden

Desse fire spelar soldatar. Fremst står Eirik Lockert Rhode. Og bak han står Tore B. Granås, Hans Jacob Sand og heilt bakerst Atle Auran.

Foto: Bjørn Solli / NRK

Det lukkast dei ikkje med, og under dødsmarsjen tilbake fraus 3000 soldatar i hjel i grensafjella over mot Sverige.

– Det handlar om krigens helvete, seier Paul Ottar Haga, og får på den måten sagt at hovudtemaet er sørgjeleg aktuelt også i dag. Sjølv har han også rollen som general Carl Gustaf Armfeldt som leia karolinerane sitt felttog.

Rytmisk armod

Nytt av året blir det elles at det denne gongen blir mykje meir riding.

– Vi har fått med ganske mange habile ryttarar, så det blir meir å sjå på i år slik sett også, reklamerer Haga.

– Og så skal vi har eit heilt nytt dansenummer. Folket på Røros skal vise oss arbeid og slit gjennom rytmisk armod, som vi kallar det. Og minst; Vi har nye skodespelarar i mange leiande roller. Det set også nytt preg på Elden i år, avsluttar regisør Paul Ottar Haga.

Slegghaugan Røros

Den naturlege spelplassen ligg her ved slegghaugan på den gamle bergstaden Røros. Bak skimtar vi såvidt i tårnet på kyrkja på verdsarvstaden.

Foto: Bjørn Solli / NRK