Hopp til innhold

Eldar og Astrid best i semifinalen

Eldar Rønning og Astrid Jacobsen fekk bestetid i semifinalane i sprint-NM.

Eldar Rønning
Foto: Jeff McIntosh / AP

Eldar Rønning og Astrid Jacobsen var suverene i semifinalerenna.

- Vi er mange om beinet, så ingenting er avgjort før siste meter. Det er tung, seier Eldar Rønning.

 

 - Det gjekk brukbart. Eg har bestemt meg for å ikkje gå i morgon, sidan eg skal gå alle dei resterande verdscuprenna. Eg held litt igjen endå, er kommentaren frå Jacobsen. 

- Det er tungt å ligge framme. Eg merka det med ein gong eg kom fremst. Eldar verkar knallsterk og går på heimebane, men vi får prøve å vere lure, seier Ola Vigen Hattestad som også er klar for finalen. 

Finale menn:

Eldar Rønning
Hans Petter Lykka
Stein Vidar Thun
Ola Vigen Hattestad
Børre Næss

Finale kvinner:

Astrid Uhrenholdt Jacobsen
Ingrid Aunet Tyldum
Kari Vikhagen Gjeitnes
Agnetha Åsheim
Celine Brun-Lie
Sigrid J. Aas