Hopp til innhold

Drog fram kniv i krangel

Politiet fekk kontroll på fire menn etter ein krangel som vart ekstra dramatisk da den eine mannen drog opp ein kniv. Krangelen skjedde ved bensinstasjonen på Heimdal i Trondheim.

Slåsskamp Heimdal

Fire menn var involvert i slåsskampen på Heimdal fredag ettermiddag.

Foto: Morten Andersen / NRK Trøndelag

– Vi fekk ei ganske dramatisk melding klokka 1733, om at det var to menn som truga kvarandre. Den eine hadde kniv, seier operasjonsleiar hos politiet i Sør-Trøndelag, Leif Berglund.

Da politiet kom fram til staden etter sju minutt, viste det seg at fire menn var involverte i krangelen.

Kniven var da lagt i lomma, men kranglinga heldt fram.

– Vi har kontroll på fire personar. Det er snakk om fire unge menn, seier Berglund fredag ettermiddag.

– Det var eit vitne som ringte inn. Vi fekk god skildring av situasjonen og heldt kontakten med vitnet heilt til vi kom fram til staden, seier Berglund.

Ingen vart skadd i hendinga.

– På grunn av den dramatiske meldinga valde vi å ha ambulanse i beredskap, men den vart dimittert, seier operasjonsleiaren.

Slåsskamp på Heimdal

Politiet rykka ut til ein slåsskamp på Heimdal der det vart meldt om at den eine hadde kniv.

Foto: Morten Andersen / NRK Trøndelag