- Vi vil høyre di meining: Bli med i debatten under! 💬
Nokon meiner kroppspress i sosiale media kan føra til anoreksi og megareksi. I ei tid kor stadig fleire slit med fedme, synest andre at vi heller skal hylla dei som ser muskuløse ut.
Ein av dei som blir motivert av treningsvideoar, er Younes Mohammed Ibrahim (17). Han likar særleg godt filmar med menneske som ser sterke ut.
– Dei som handterer massive vekter imponerer meg. Dei gjer at eg får lyst til lyfte meir og meir, seier Younes.
Storebror Yousef Mohammed Ibrahim (20) er merksam på at samanlikning med andre kan gjere at ein ikkje kjenner seg god nok. Då er det om å gjere å berre fokusere på seg sjølv.
– Trening er krevjande i byrjinga, men med det same eg kan sjå resultat, blir det gøy å halde fram.






Brørne Younes og Yousef gjer armhevingar i hagen
privat- Kva gjer det med deg å sjå veltrena kroppar på Insta, TikTok eller Snap? Sei kva du meiner, og les kva forskinga fortel.
Velkommen til dialog hos NRK. Siden du er pålogget andre NRK-tjenester så slipper du å logge inn på nytt her, men vi trenger ditt samtykke på våre brukervilkår for dialog på nett
Uoppnåelege førebilete
Talet på gutar og jenter som er misnøgde med eigen kropp, er høgt.
Ei som ynskte å bidra til å gjere ungdom meir nøgd med eigen utsjånad, er forskar ved NIH, Kethe Svantorp-Tveiten.
I lag med kollegaer har ho jobba fram ein metode som er meint å gjere unge menneske betre rusta i møte med sosiale medium.
– Å sjå veltrente kroppar fungerer ikkje som eit spark i rumpa til å auka treningsglede for overvektige, fortel Svantorp-Tveiten.
Ho fortel at folk som veg for mykje, ikkje blir flinkare til å passe på helsa si av noko som kjennest uoppnåeleg.
Kethe Svantorp-Tveiten har forska på korleis ungdom blir påverka av sosiale medium.
Hjernen kan endra seg
Resultata av Svantorp-Tveiten (og kollegaene) si forsking, viser at ungdom som er bevisste på kva dei vel å eksponere seg for, får det betre.
Forskaren listar opp spørsmål ein kan stille seg, om ein opplever at ein slit med dårleg sjølvkjensle og negativt forhold til eigen kropp.
- Kven følgjer eg i sosiale medium, og korleis får dei meg til å kjenne meg?
- Følgjer eg dei for å samanlikne meg med dei, eller blir eg inspirert på ein positiv måte?
- Kva har eg att for å følgje dei eg følgjer?
– Hjernen får oss til å tru at det vi ser mykje av over tid, er normalen. Det er det mogleg å gjere noko med, slår ho fast, etter å ha følgt ungdom over tid.
Å ikkje vere fanatisk
Rundt middagsbordet hos familien Ibrahim sit brørne Younes og Yousef og snakkar seg varme om både «bulking» og «deffing». Det er vanlege ord innanfor kroppsbyggingsmiljøet.
Ein kan bli sjukeleg opptatt av både trening og kosthald. Det er brørne oppmerksame på.
Begge er interessert i å ete sunt, men ingen av dei har nokon fast diett.
– Eg seier aldri nei takk når mor lagar pizza, fortel veslebror Younes.
Og storebror Yousef legg til at kakene mor lagar, alltid får bein å gå på.
Brødrene Younes Mohammed Ibrahim og Yousef Mohammed veit å kose seg med god mat.
Foto: Foto privatEin god vane
Yousef og Younes meiner at treninga hjelper dei med å vere disiplinerte.
– Eg berre må ha trening i livet mitt, seier Yousef.
Det finst dagar kor motivasjonen til å trene er på botnen. Då hjelper det å ha ein godt innarbeida vane som gjer at du vel å trene for det.
– Om eg kjenner meg litt trist ein dag, og går og trenar, kvittar eg meg med den dårlege energien, fortel Yousef.
Også Svantorp-Tveiten er klokkeklar på at det ikkje finst noko betre medisin enn trening, for å få styrka den fysiske og psykiske helsa – uavhengig av kor lett eller tung ein er.
– Om fysisk aktivitet hadde vore ei pille, så ville vi ha snakka om den mest selde medisinen i hele verda.
Hei!
Har du eit stort eller eit lite dilemma i eiget liv? Kvar veke samlast tre gjestar i Etikketaten for å diskutere utfordringar frå folk sin kvardag. Skriv gjerne til oss! PS. Du kan vere anonym om du ønsker det.