Blanda abortmiddel i drikka til ekskjæresten

Ein mann er tiltalt for å ha avbrote svangerskapet til ekskjæresten mot hennar vilje.

Trondheim tinghus

Ein mann er tiltalt for å ha avbrote svangerskapet til ekskjæresten mot hennar vilje.

Foto: Randi Lillealtern / NRK

Det var fastlegen som slo alarm etter at kvinna aborterte, skriv Adresseavisen.

Kvinna frå Sør-Trøndelag var gravid i tolvte veke då ho aborterte i mars månad i fjor. Ekskjæresten til kvinna, ein 25 år gamal mann, risikerer no 21 år i fengsel.

– Det er ein gamal paragraf som er svært lite brukt. Sånn sett er dette litt nybrottsarbeid, seier statsadvokat Kaia Strandjord til Adresseavisen.

Ho seier til avisa at saka er så spesiell at det manglar rettspraksis på området.

Han er tiltalt etter straffelovens paragraf 231 og paragraf 245. Det første tiltalepunktet er det mest alvorlege og handlar om å forårsake " betydeleg skade på legeme eller helbred" under særdeles skjerpande omstende. Tiltalepunktet har ei strafferamme på inntil 21 års fengsel.

Det andre tiltalepunktet er i følgje avisa det mest spesielle. 25-åringen " har avbrutt svangerskap uten de lovlige indikasjoner for at et slikt inngrep er tilstede eller uten vedtak om avbrudd er truffet av noen som har myndighet til det, under særdeles skjerpende omstendigheter og uten kvinnens samtykke".

Fastlegen slo alarm

Den tiltalte 25-åringen har innrømt til politiet at han blanda abortframkallande middel i drikka til kvinna ved to høve i februar og mars i fjor. Preparata skal han ha kjøpt på internett og begge to skal vere i bruk i det norske helsevesenet.

Fastlegen til kvinna oppdaga det som hadde skjedd og varsla politiet, ifølgje statsadvokaten. Aktoratet skal kalle inn både fastlegen og ein ekspert som skal vitne om medikamenta som er brukt.

Ikkje kjærestar

Kvinna i 20-åra og 25-åringen skal ikkje ha vore kjærestar på det tidspunktet han gav ho medikamenta. 25-åringen skal ha sjølv ha vore far til barnet. Statsadvokaten vil ikkje gå inn på motivet.

– Det skal eg være forsiktig med å uttale meg om, seier Strandjord til Adresseavisen.

Saka skal gå 9. og 10.mars i Sør-Trøndelag tingrett.