Hopp til innhold

Bjørn skoten på Røros i natt

Ein bjørn vart skoten på Brekken i Røros natt til onsdag. Det vart observert to bjørnar, men det var berre gitt fellingsløyve på den eine.

Bjørn skutt i Brekken

SKOTEN: Ein bjørn vart skoten på Brekken i Røros natt til onsdag. Det vart observert to bjørnar saman.

Foto: Privat

– Det blei funnen ein sau på Brekken i 21-tida i går kveld, som var teken av bjørn.

Det fortel Hans Iver Kojedal, fellingsleiar og naturforvaltar i Røros, Os og Holtålen.

Observerte fleire døde sauer

Det vart gitt fellingsløyve frå Statsforvaltaren kl. 22.30 tysdag kveld, sidan det kunne bli mykje skade på sauer.

Då jaktlaget leita etter bjørnen, observerte dei fleire døde sauer i området.

Ved hjelp av hundar blei bjørnen spora opp og skoten i tretida i natt. Det skal vere snakk om ein hannbjørn.

– Vi har gode hundar, så det gjekk veldig fint, seier Kojedal om leitinga.

To bjørnar – hadde berre fellingsløyve på éin

Då bjørnen vart skoten, hadde jegerane observert to bjørnar som gjekk saman, men sidan det var gitt fellingsløyve på berre éin av dei, fekk den andre gå.

– Det som var spesielt, var at det viste seg å vere to bjørnar. Begge bjørnane kom gåande mot posten vår. Vi kunne ha skote begge, dersom vi hadde hatt løyve til det, seier Kojedal til NRK.

Skaut bjørn i Overhalla måndag

Like etter midnatt natt til måndag vart ein bjørn skoten i Overhalla. Han vart funnen med eit levande lam i kjeften.

Jaktleiar Stein Kristian Røset sa til NRK at dei er nesten heilt sikre på at det er den same bjørnen som har tatt fleire sauer i Beitstad og Bangdalen den siste tida.