Hopp til innhold

Skarstein hylla av sine eigne: – Eg merkar at eg har Levanger i ryggen

Ho gjorde det sterkt i Paralympics – tysdag feira Birgit Skarstein gullet med folk frå heimbyen.

Birgit Skarstein hylles i Levanger

GLAD OG RØRT: Birgit Skarstein stråla som ein gullmedalje då ho feira sigeren i Paralympics med heimbyen i kveld.

Foto: Solvår Flatås / NRK

Tysdag vart Birgit Skarstein (32) heidra av familie, vener og kjente på den vidaregåande skulen i Levanger i Trøndelag.

– Det er heilt fantastisk. Eg har ikkje sett så mange folk sidan før korona, seier ho og ler.

– Det er skikkeleg hyggjeleg. Det er artig å møte igjen folk og ikkje minst å møte alle ungane som har møtt opp, seier Birgit Skarstein.

Q7hupJDHlbg

GULLGLISET: Birgit Skarstein smiler og viser fram gullmedaljen under Paralympics i Tokyo, tysdag kveld smilte ho like bredt då ho feira den saman med heimbyen sin.

Foto: Torstein Bøe / NTB

Overlegent gull

Under Paralympics i Tokyo i sommar hadde ho full kontroll i finalen i singlesculler, og sikra Noreg sitt første gull under leikane. Då måtte ho ta til tårene.

– Eg sat og grein. Tårene trilla. Livet skjer, mange dagar er det ganske tøft. Det handlar ikkje om motivasjon eller energi, det handlar om å stå opp og gjere jobben når ting er tøft, sa Birgit Skarstein etter å ha tatt gullet.

Ho rodde i mål på tida 10:56.88. Andreplass, Samuel Moran, hamna 22 sekund bak Skarstein.

Reisa til Skarstein har vore vanvitig. Roaren frå Levanger vart lam frå livet og ned i 2009, i 2012 starta ho satsinga på roing. Sidan den gong har det stort sett gått oppover sportsleg sett.

Ho har også markert seg utanfor roinga, mellom anna i realityprogramma Ingen grenser og Skal vi danse.

Medaljefest

Tysdag kveld kunne Skarstein sole seg i gullmedaljeglansen saman med resten av heimbyen Levanger.

– Birgit har gjort ein formidabel innsats, eg trur ikkje vi eigentleg skjønner kva som ligg bak av trening, uthald og prioriteringar. Det er heilt enormt, seier mor Sigrun Røkkum

Mange av dei frammøtte trakk attkjennande på smilebandet då far Bjarte Skarstein tok scena i blant blomstrar og norske flagg i aulaen og fortalde om då dottera kom heim hit frå utveksling i Oregon i USA.

– Ho kunne ikkje skjønne at det var så mange elevar som ikkje brydde seg om samfunnet i samband med ein innsamlingsaksjon som ho leia, seier han.

Birgit Skarstein
Foto: Solvår Flatås / NRK

Onkel Geir Skarstein bur til dagleg i Peru. No er han i Levanger for å feire niesa. Han beskriv Birgit som festleg og positiv.

– Birgit har vore festleg sidan ho var liten, og alltid vore veldig positiv og artig å vere saman med. Ho er også veldig samfunnsorientert, seier han.

Hovudpersonen sjølv seier det er deilig at Noreg opna opp att før medaljefesten. Det betyr mykje for ho å feire saman med familie, vener og kjente.

– Eg merkar at eg har Levanger i ryggen, og at vi er eit miljø. Eg har budd vekke i mange år og vert mykje på reise, men eg føler meg som levangsbygg og prøver å trekke fram heimbygda mi så ofte eg kan, seier Skarstein og ler.