Hopp til innhold

Bil og garasje brann ned

Tre bustadhus blei evakuerte i Verdal då det tok fyr i ein bil i natt.

Bilbrann Verdal

TOTALSKADDE: Verken bilen eller garasjen let seg redde.

Foto: Terje Næss

Ein bil og ein garasje brann heilt ned i Verdal i natt.

Politiet fekk melding om brannen kl. 03.32 natt til laurdag, fortel operasjonsleiar Monica Ravlo ved Nord-Trøndelag politidistrikt.

Folk frå tre adresser i nærleiken blei evakuerte.

Brannen fekk òg tak i inngangspartiet på huset som garasjen høyrde til, men brannvesenet jobba godt og hindra at brannen spreidde seg.

– Det var bilen som fyrst tok fyr, men me kjenner ikkje til årsaka enno, seier Ravlo.