Hopp til innhold

Beck og Villabø til Spania

Byåsenspelarane Kjersti Beck og Maren Villabø har sagt ja til å spele i den spanske klubben Astroc Sagunto.

Kjersti Beck i aksjon i håndball-VM i St Petersburg
Foto: Morten Holm / Scanpix

Jentene bestemte seg etter gårsdagens seier mot Tertnes i Nidarøhallen i Trondheim.

Ifølge Adresseavisen skal Astroc Sagunto ha komme med eit tilbod i millionklassen til spillerne.

- Vi har ikkje skrive under ennå, men det er det vi har lyst til no. Det er greit å bli ferdig med avgjerda no, slik at vi kan ha fullt fokus på å gjere det best muleg i Byåsen ut sesongen, skriv Villabø på Byåsen Håndball Elite sine heimesider.

Viktige spelarar

For Byåsen betyr overgangen at klubben mister to av sine viktigaste spelarar. 

Etter gårsdagens 31-24 siger over Tertnes ligg Byåsen to poeng bak serieleiar Larvik. 

Neste onsdag er det duka for kamp mellom dei to topplaga. Om Byåsen skal gå forbi Larvik på tabellen, må dei vinne med meir enn åtte mål, som er den noverande målskilnaden på tabellen.