Av Kolbein Dahle
I teaterstykket vart kjærleik og klasseskille skildra den gongen gruva gav arbeid til mange og Malm var eit einsidig industrisamfunn lengst inne i Trondheimsfjorden. På få år vart ei stille jordbruksbygd endra til eit teknologisamfunn med store kulturelle, sosiale og økonomiske skiljeliner, men ein felles lagnad.
Malmen i Malm
Det er lett å tru at Malm heiter Malm fordi det vart funne jarnmalm der, men slik er det nok ikkje. Den gongen garden Malmo fekk namnet sitt, var ikkje jarnmalmen kjent.
Namnet tyder sandmo eller grusslette. Garden har såleis vore der lenge, lenge før rikdomane i berget vart oppdaga i 1906, offisielt av stigaren Berge Flage. Men mangt tyder på at det var fleire som skulle dele æra for malmfunnet. Særleg han som fekk Nordiska Grufaktieseslkap i Repparfjord til å interessere seg for området, ein lokal amatørgeolog frå Kvam som heitte Petter Ulven.
Fosdalen Bergverk
Fosdalen Bergverk A/S, eller Fosdalens Bergverks Aktieselskab som det først heitte vart stifta i 1912. Gruveverksemda hadde vore i gang sidan 1906 då stiger Berge Flage gjorde malmfunn ved Malmo.
Selskapet held det gåande med vekslande resultat fram til 17. november 1982. Då hadde staten trekt seg ut og selskapet gjekk konkurs. Lokale krefter fekk drifta i gang att, men marknaden svikta og i 1997 var det definitivt slutt.
Video: Gruvehistorie forsvinner i Malm
Gjennom 91 år hadde bygda inst inne i Trondheimsfjorden endra seg frå ei trøndersk jordbruksbygd via ein einsidig industristad til eit bygdeurbant sentrum på febrilsk leiting etter nye idear og ny verksemd.
Krise og krig
Den første arbeidskonflikten kom alt i 1908, og etter ei storkonflikt i 1919 vart åttetimesdagen innført. Same året kom den store svenskeinnvandringa som kom til å bli konfliktstoff framover.
Noko som elles var spesielt for Malm-samfunnet var at syndikalistane i fagrørsla fekk fotfeste her. Dei ville bruke fagrørsla til å frigjere arbeidarklassen og hadde ikkje tru på parlamentarismen. Dei la også vekt på antimilitær agitasjon. Utanfor Malm var det berre på Rjukan dei spela noko særleg rolle. Men desse åra vart også gjennombrot på mange samfunnsområde som helsestell, økonomi, idrett og kultur.
Under krigen var okkupantane sterkt interesserte i malmen frå Malm. Dei allierte var sjølvsagt klar over dette og klarte å gjennomføre ein vellykka sabotasjeaksjon mot kompressorhuset ved gruva 5. oktober 1942. Aksjonen stoppa produksjonen ei stutt tid og reduserte han noko lenger. Vel så viktig var det trueleg at leiinga i eit jovialt samarbeid med tyskarane brukte mykje kapasitet på å finne nye malm og legge til rette for drifta av desse ressursane i det området som vart kalla ”Vestmalmen”. Men krigen tok slutt før ein fekk full utteljing for dette arbeidet.
Gullåra i gruvesamfunnet
Dette er nok ein del av forklaringa på at gruva og Malm-samfunnet gjekk inn i ei stordomstid på 1950-talet. ”Vestmalmen” var rekna som ein ressurs som skulle vare i lang tid, men jubileumssommaren 1956 vart det klart: Førekomsten gjekk mot slutten!
Men mineralog dr. Harald Carstens hadde påvist at Sundbygdhalvøya aust for Malm for lenge sidan hadde sokke 800 – 1000 meter ned i forhold til Malmfjellet der Vestmalmen starta. Enn om ein gjekk i djupet etter malm i aust, ”Østmalmen”?
Det er her soga startar om det gruvetårnet som framleis står. Planane frå 1959 viste at skulle ein få tak i Østmalmen, laut ein over 1200 meter ned, djupare enn nokor anna gruve i Nord-Europa. Toppen på denne sjakta måtte bli eit 70 meter høgt tårn. I forhold til gruva er tårnet altfor lite til å kunne kallast toppen på isfjellet.
Sjakttårnet, storbautaen frå gruvetida
Det er her bautaen kjem inn, det 70 meter høge sjakttårnet. Det er det mest synlege minnesmerket om eit industrieventyr inne i fjordarmen. Tårnet er vorte eit kulturminne til å undre seg over.
Heilt fram mot hundreårsjubileet i 2006 var det endå eit tårn i Malm, mange vil meine eit vakrare tårn enn det som no står att. Men heistårnet ved oppreidingsverket frå 1929 var av tre og ingen såg korleis det kunne bevarast for framtida når det ikkje lenger var til nytte. Den 13. mars 2005 fall det høgtliggande og flotte symbolet på gruvedrifta i Malm.
Video: Her faller gruvetårnet
Dermed vart det betongtårnet nede i dalen som overtok symbolrolla. Lenge vil dette vere eit mindre brysamt kulturminne og det har ei utruleg spanande historie å fortelje.
Sjakttårnet vart påbegynt hausten 1960. Heile sjakta vart innstøypt og ein såkalla scaffold-vinsj sytte for å heise forskalingsforma under støypinga. Dette var nytt og mykje omtala den gongen. I 1964 var drifta i gang før sluttarbeida på tårnet var fullførte.
Ja, kort fortalt er det slik det heng saman med tårnbautaen i Malm. Den er den synlege delen av eit av dei mest imponerande menneskeverk vi har i Trøndelag, men det er ein svært liten topp på isfjellet, gruveanlegget ligg nede i djupet. Ein annan del av løyndomane i Malmsamfunnet kom til syne gjennom ”Eplene i Messehagen”.
Video: Det siste skipet forlater Malm.
Kjelder:
Knut Arne Larsen, Henry Skevik og Odd H. Vanebo: Malm og Fosdalen i 100, Malm 2006.