Hopp til innhold

Dyr må avlivast etter bruk av ulovleg legemiddel

Så langt har Mattilsynet avdekt at 21 veterinærar i ulike delar av landet har nytta legemiddel som inneheld det ulovlege verkestoffet kloramfenikol.

Mattilsynet logo

MÅ AVLIVE DYR: Mellom 200–300 dyr er førebels avliva etter at Mattilsynet avdekka at veterinærar har nytta eit ulovleg legemiddel.

Foto: Ole-Christian Olsen / NRK

Mattilsynet har avdekt at nokre veterinærar har nytta legemiddel som inneheld kloramfenikol, til dyr som skal bli til mat. Dette er forbode. Derfor har dei bestemt at dyra må bli avliva og destruerte.

Så langt har tilsynet avdekt at 21 veterinærar i ulike delar av landet har nytta legemiddelet.

Mattilsynet vil ikkje seie noko meir om kor dei har påvist bruk av stoffet enn at det er flest tilfelle sør og sørvest i Noreg.

– Det er foreløpig 200 til 300 dyr som må bli avliva, mest sau og nokre få geiter og nokre få storfe, seier Ole-Herman Tronerud til NRK. Han er fagdirektør i Mattilsynet.

Ole-Herman Tronerud, direktør for avdeling regelverk og kontroll i Mattilsynet

Ole-Herman Tronerud, fagdirektør i Mattilsynet.

Foto: Mattilsynet

Lovleg for kjæledyr og menneske

Brukt på riktig måte til kjæledyr og menneske er kloramfenikol lovleg. Det er likevel forbode til matproduserande dyr i Noreg og EU, fordi trygge restnivå ikkje kan setjast.

– Veterinærane vil bli følgt opp av Mattilsynet med tanke på den praksisen dei har. Det viktigaste no er at flest mogleg får informasjon om at dette stoffet er forbode å bruke på matproduksjonsdyr, seier Tronerud.

Kva ansvar har bøndene for den ulovlege medisineringa?

– Når veterinærane skriv ut eit legemiddel har også bonden plikt om å føre journal over kva dyr som blir behandla med kva legemiddel, seier han.

– Har ikkje bonden god nok dokumentasjon kan dyr i same bestand som truleg ikkje har blitt behandla med kloramfenikol også bli avliva, svarar fagdirektøren.

– Kven må bere det økonomiske ansvaret?

– Ingen av sakene er like. Det må bli ein diskusjon mellom veterinær og dyreeigar i kvar enkelt sak, svarar Tronerud.

Aldri blitt påvist i norske produksjonsdyr på land

Alle matproduserande dyr som har fått dette legemiddelet må destruerast. Det same kan skje med andre dyr i dei same besetningane dersom legemiddelet er nytta i besetninga, og det ikkje er sikkert kva dyr som har fått legemiddelet.

– Dette gjer vi for å sikre at det ikkje kjem mat på marknaden der det er uvisst om ulovlege legemiddel har blitt brukt, og som kan skape tvil om mattryggleiken, seier Tronerud.

Sidan Mattilsynet starta å teste for framandstoff (inkludert legemiddelrestar) på landdyr i 1997 har dei aldri funne kloramfenikol.