Hopp til innhold

Overlevde Utøya: I fleire år laug Lisa Marie om korleis ho hadde det

Lisa Marie Husby fekk det betre då ho byrja å fortelje om trauma.

Lisa Marie Husby heime på småbruket i Orkanger.

VIL IKKJE TEIE: Å vere ærleg om kva ho følte, vart viktig for Lisa Marie Husby då ho skulle ta kvardagen tilbake.

Foto: Roger Myren / NRK

I fjor hadde ho den første hausten sin der. Lisa Marie Husby (29) hadde kjøpt eit gammalt småbruk i Trøndelag. Frå den store tomta speida ho ut over dei grøne åsane og jorda. Ingen bilar å høyre, ingen menneske å sjå.

Eller?

Ein svart flekk bevegde seg i det fjerne. Ein mann kom ut av buskaset, og gjekk over jordet, i retning garden. Med lange skritt nærma han seg gjerdet. På ryggen hans kvilte det eit våpen.

No har eg to val, tenkte Lisa Marie Husby.

– Til vanleg hadde eg tenkt at det var heilt naturleg at eg skulle flykte frå han.

I staden valte ho å gå han i møte og spørje kvifor han gjekk inn i hagen hennar med våpen. Det viste seg å vere ein jeger som leita etter hunden sin som hadde stukke av.

Kjente lufttrykket av kulene

Mannen med våpenet minte henne om Utøya i 2011: Då sprang ho gjennom skogen og kjente luftbølgene i håret frå kulene. Dei trefte trea rundt, i hovudhøgde.

Lisa Marie Husby kom fysisk uskadd frå terrorangrepet. I to år lét ho som om det også gjekk fint med den psykiske helsa hennar.

Ei veke etter terrorangrepet var ho på kajakktur på ei øy. På natta gjekk ho aleine på utedoen, og ringde til ein kompis.

– Eg sa til han at eg trudde det verste var over no. Eg må framleis ha vore i sjokk, seier Lisa Marie i dag.

Ein av tre av dei som overlevde terroren 22. juli 2011 har framleis omfattande vanskar.

Du kan lese meir om studien som viser dette i saka under her:

Den store knekken kom først to år etter

I 2013 vart Husby så sjuk at ho måtte slutte å jobbe. Ho fekk diagnosen posttraumatisk stressyndrom og sa ifrå seg alle verv i Auf og i Arbeidarpartiet.

– Eg trudde at eg aldri ville ha ein normal jobb, at eg aldri skulle studere. Eigentleg hadde eg gjeve opp litt og leika med tanken om å bli ufør sidan livet var så tøft.

I eit intervju med NRK den sommaren fortel ho om korleis hjernen drar ho tilbake til massakren, om korleis ho stirar seg fast og ikkje oppdagar at ho har vore vekke før etter fleire minutt.

Med uklare framtidsutsikter og ein kvardag prega av PTSD, depresjon, angst og smerter i kroppen, byrja ho å gå til behandling på smertesenteret ved St. Olav i Trondheim.

første minnesmerke

Den første 22. juli-minnesmerke laga av Nico Widerberg vart avduka på Orkanger i 2012. På bildet ser du dåverande ordførar Gunnar Lysholm i Orkanger og dåverande fylkessekretær AUF i Sør Trøndelag, Lisa Marie Husby.

Foto: Ned Alley / NTB scanpix

Vart ærleg med alle

– Eg jobba mykje med det å ta tilbake livet mitt. Det var der eg lærte at ei hending ikkje skal definere livet. Sjølv om det aldri blir som før, så kan eg framleis ha eit godt liv.

Helsehjelpa ved sjukehuset, fekk ho på rett kjøl.

– Eg skjønte at eg hadde loge til meg sjølv og ganske mange rundt meg om korleis eg hadde det, seier ho.

Husby vart meir open om trauma då ho merka at folk gjerne ville høyre på det ho hadde å fortelje.

– Eg byrja å vere ærleg med alle. Møtte folk eg ikkje hadde sett på tre år, som spurte korleis eg hadde det. Eg svarte «eg har det heilt jævlig», seier Husby og ler før ho igjen vert alvorleg.

– Litt etter litt tok eg livet tilbake fordi det er skumlare å vere aleine om det enn å seie det som det er.

I 2016 flytta ho til Skottland for å studere ved University of St Andrews i fire år.

– Tida mi der gjorde meg fri på mange måtar. Den gav med moglegheita til å berre vere meg sjølv og fokusere på å komme meg vidare i livet, seier Husby.

Lisa Marie Husby.

PÅ AVSTAND: – Dei fire åra i Skottland er kanskje de fire beste åra eg har hatt i heile mitt liv. Eg var utruleg lykkeleg der og følte meg trygg, sterk og stolt over at eg endeleg klarte å studere. Mykje av den offer-mentaliteten eg hadde slite med tidlegare, slapp taket under tida mi der. Eg fekk terrorangrepet på avstand, seier Lisa Marie Husby.

Foto: Privat

Står ved sitt menneskesyn

I fjor flytta ho heim til Noreg. Forutan full jobb i Trondheim, har Lisa Marie Husby mykje å gjere både inne og ute på småbruket i Orkland. På plattingen veks det roser. I blomsterbeda er det framleis meir ugras enn pryd, men ho lukar det stadig, så nyttige grønsaker og urter skal vekse til.

Ho merkar framleis trauma frå Utøya, som då ho såg mannen som kom gåande mot huset hennar i fjor haust.

– Eg trur det ligg veldig i ryggmergen min, at dei fleste vi møter i verda er snille, seier Husby.

Ho tenkjer, ser utover dei fredelege og knallgrøne jorda.

– Sjølv om det var ein mann som ville oss veldig vondt for ti år sidan, så er dei fleste berre gode og snille.

Det vil eg ikkje gje slepp på.

Lisa Marie Husby heime på småbruket i Orkanger, då NRK intervjua ho der i anledning tiårsmarkeringa for terråråtaket 22. juli 2011.

MED TROLLHEIMEN I RYGGEN: Småbruket i Orkland gir Lisa Marie ro i sjela. No kjenner ho seg trygg nok til å vere aleine.

Foto: Roger Myren / NRK