Hopp til innhold

Åtvarar mot import av levande storfe

Veterinærinstituttet åtvarar no mot import av levande storfe til Noreg, for å hindre spreiing av kugalskap. Årsaken er at det kan ta mange år før denne sjukdommen bryt ut, og til prøvar kan vise om dyret har kugalskap.

Kyr

Til saman fire fjøs i Trøndelag og Oppland er sett i karantene til det er klart om det er eit utbrot av kugalskap. Desse dyra er frå ein annan gard.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

Onsdag kan Mattilsynet få svar på om ei ku frå Nord-Trøndelag hadde kugalskap.

Prøvar er sendt til eit laboratorium i Storbritannia, og resultata er venta onsdag. Dersom prøvane viser at kua hadde kugalskap, er det første gongen ein ser denne sjukdommen i Noreg.

Kua, som no er destruert, var mellom 15 og 20 år gammal, og skal ha vore kjøpt i Sverige. Kalvar frå denne kua skal vere selde til andre gardar.

Grundig kontroll

Veterinær og fagsjef Nina Svendsby har ansvar for kontroll av importerte dyr gjennom husdyrnæringas eigen eining, Koorimp, og meiner bønder ikkje bør innføre levande dyr i det heile.

– Vi meiner at risikoen for å få med smittsomme dyresjukdommar er høg, seier ho.

Sjøl om alle dyr blir kontrollert grundig før dei kjem inn i landet, kan kugalskap bli oppdaga først etter nokre år, seier beredsskapsdirektør Jorun Jarp hos Veterinærinstituttet.

– Kugalskap har ein veldig lang periode frå eit dyr blir smitta, til sjukdommen bryt ut. Dermed kan ein innføre dyr som er smitta før ein kan klare å påvise det, seier ho.

Vil helst ha null import

EØS-avtalen åpner for import av levande dyr. Etter ein kraftig auke i innførsel av storfe i Noreg på 1990-talet, har importen gått betydeleg ned. Dei siste femten åra er det berre importert 160 levande storfe.

– Dei tala vi har frå starten av 2000-talet er innanfor det akseptable, men vi set stor pris på dei åra der talet på importerte storfe er null, seier fagsjef i Koorpimp, Nina Svendsby.

Til saman fire garder i Trøndelag og Oppland er sett i karantene til Mattilsynet får svar på om det verkeleg er snakk om kugalskap.