Hopp til innhold

Arve Tellefsen avduka

I dag vart den kjende fiolinisten foreviga i Trondheim sentrum.

Avduking av Tellefsen
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

- Eg er veldig glad for at eg vart høg og mørk til slutt. Den er jo nesten to meter, flirer Tellefsen.

Til lyden av fiolinane til elevar frå Trondheim Kommunale Musikkskole vart skulpturen av den kjende fiolinisten presenteret for publikum i dag.

Arve Tellefsen fekk ein plass i barndomsbyen sin. I Tordenskioldparken ved Vår Frue Kirke i sentrum av Trondheim står skulpturen.

Eit symbol

- Eg ser den ikkje som ei statue av meg. Vi veit jo alle at Trondheim er ein stor idrettsby. Men det er fint at det kjem fram at Trondheim også er ein kulturby av dimensjonar . Og det er fint at det kjem fram gjennom ei slik statue, seier Tellefsen.

Arve Tellefsen og Per Ung

Arve Tellefsen saman med bildehuggar Per Ung

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

Den er laga av bildehuggar Per Ung, som også har laga skulpturen av skøyteløparlegenda Hjalmar Andersen, som står berre nokre hundre meter lenger borte i Tordenskioldparken. Bildehuggaren synast han har hatt ei artig oppgåve.

Morosam oppgåve

- Det har vore morosamt. Det er eit veldig uvanlig oppdrag å lage ei kunstar i arbeid, seier Ung.

Han har etter kvart fått eit spesielt forhold til Trondheim.

- Det er ekstra spesielt for meg som Oslo-gut å få lage to statuar i Trondheim. Eg trykker Trondheim til mitt bryst og håper Trondheim trykker meg til sitt.

Privat innitiativ

Det er kjøpmann Trond Lykke som har bestilt og betalt for skulpturen. Han meiner at det nærast er ei plikt at også privatpersonar kan bidra til utsmykking av bybiletet.

- Det er jo fint at private kan sponse kunsten og. Per Ung sa til meg at det er flest private som bestiller slike verk, så det er slett ikkje uvanlig, fortel Lykke.