Hopp til innhold

Drapssikta nektar straffskuld

Mannen som er sikta for å ha drepe Stig Ola Westgård (56) på Lademoen i Trondheim, nektar straffskuld. Den 57 år gamle sikta deltok i dag på fengslingsmøtet på videolink frå institusjonen der han er innlagd. Trøndelag tingrett varetektsfengsla han i fire veker, to i full isolasjon, brev-, besøk- og medieforbod i heile perioden. I varetektstida skal sikta vere på institusjonen. Sikta er enno ikkje avhøyrd.

Tre uniformerte politimenn. To av dem iført munnbind. Kommer gående i mot oss. Sist politimann med ryggen til kamera. Vi kan tydelig lese politi på ryggen til denne personen.
Foto: Bjarte Johannesen / NRK