Fleire bygardar brann ned i 7. desember 2002. Foto: NRK.
Bybrannen i Nordre gate i Trondheim for nøyaktig to år sidan har sett varige spor i trønderske sinn.
- Brannen har ført til langt større merksemd rundt brann og brannsikring. Det er også kjøpt inn nytt og betre utstyr til brannvesenet og byen har blitt tryggare i løpet av dei to årene som har gått, seier branninspektør Karl Kristian Hjelseth til NRK Trøndelag.
Meir pengar til brannvern
Foto: Scanpix
Bybrannen, som starta på utestaden News 7. desember 2002, blei eit vendepunkt for brannvesenet i Trondheim.
- Trondheim kommune har løyvd meir pengar til Brannvesenet etter bybrannen. Over fire år får vi meir pengar enn vi hadde i utgangspunktet, og dette gjer at vi kan utvikle kompetansen, få betre utstyr og satse meir på førebyggande arbeid, seier Hjelseth.
Fleire brannmenn på jobb
Brannvesenet fekk kraftig kritikk etter at ein brannmann åleine måtte ekspedere 110 sentralen då alarmen gjekk for to år sidan No sit det heile tida to menn på sentralen.
I tillegg er det kjøpt inn nytt og betre utstyr. Branninspektøren meiner Trondheim har blitt ein tryggare by i løpet av dei to åra som har gått.
- Vi har gjort ein del endringar i Brannvesenet, og det meiner vi kan få ein positiv verknad på sikt, seier Hjelseth.