Hopp til innhold

- Fantastisk å få Kiss til Trondheim

Rockebandet Kiss skal spele to konserter i Norge neste sommar. Den eine i Trondheim.

Kiss

Gene Simmons og Paul Stanley i Kiss under en konsert i Washington 13. oktober.

Foto: Nicholas KAMM / Scanpix/AFP

Bandet spelar i Trondheim 8. juni og i Oslo 14. juni 2010.

– Fantastisk, dette blir kjempeartig, seier Odd Rustad, som er seniorrådgivar arrangement i Rosenborg ballklubb, til NRK.

Fornøgd med Trondheim

Det er Live Nation Oslo som arrangerer konserten. Dei har samarbeidd med Rosenborg to år tidlegare, då Iron Maiden og Ozzy Osbourne heldt konsert på Lerkendal.

– Det ser ut som vi har greid å gjere Trondheim om til ein viktig arena på landsbasis. Tidlegare er det Bergen og Oslo som har stukke av med dei største artistane, seier ein nøgd Rustad.

Plass til over 20 000

Konserten skal arrangerast på kunstgrasbana og den store parkeringplassen ved Lerkendal stadion.

– Ideen med Lerkendal park gjer at vi ikkje er så avhengige av terminlistene til Rosenborg for å kunne vere arrangør, seier Rustad.

Han trur det blir plass til mellom 20 000 - 25 000 pulikummarar. Dei aller fleste bilr ståplassar.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Billettsalet startar førstkomande fredag, melder arrangør Live Nation. Turneen har fått namnet Sonic Boom Over Europe: From The Beginning To The Boom.

– Det blir ikkje tatt ut billettar, her er det førstemann til mølla som gjeld, seier Rustad.