– Det handlar om likestilling, seier Sunniva Tømmerås (17) og ler.
Ho og storesøstera Norunn Tømmerås (20) fortel med iver til NRK at det er fint å plutseleg få vita om jobbar dei ikkje visste fanst.
– Her er det mange flinke damer som veit kva dei driv med, seier Norunn med eit breitt smil.
For første gong i Nord-Noreg
For første gong arrangerast TENK i Nord-Noreg, og i år er det Harstad som har fått gleda av å halda arrangementet.
I år samlast 40 unge jenter frå Harstad-regionen seg og får driva med faglege workshops og foredrag.
Også sosiale aktivitetar som bingo og vennskapsarmband står på kalenderen.
– Eg har lyst til å visa jentene i Nord-Noreg kva som finst av moglegheiter. Dei treng ikkje å flytta sørover for å få seg ein god teknologijobb.
Det seier prosjektansvarlege Julie Katrine Dragland til NRK.
– Det er eit tilbod som eg gjerne skulle hatt sjølv då eg var liten. Teknologien utviklar seg fort. Det er mange ting ein ikkje lærer på skulen.
- Les også: Intenst varme dager
Ikkje berre ein «gute-ting»
For Dragland er det viktig at jenter ikkje berre skal vera brukarar, men også utviklarar av teknologien.
– Me får ha eit feminint perspektiv på ting. Det trur eg er fint at me tek med oss inn i teknologiutviklinga. Me som samfunn og næringsliv har eit ansvar for å løfta jenter inn i teknologisektoren, seier Dragland.
Søstrene Sunniva og Norunn trur jenter ikkje vel teknologi fordi dei ikkje tør å velja mannsdominerte yrke. Dei trur òg det kan komma av mangel på informasjon.
– Dei trur det er ein guteting, seier Sunniva (17).
Treng rollemodellar
Rekrutteringsansvarlege ved UIT i Tromsø, Tor Olav Berg meiner det er spesielt viktig at me får fleire kvinnelege lærarar i realfaga.
Som resten av lærarutdanningane så er det færre som søkjer seg til lektorutdanninga i realfag.
- Les også: Mener det er russisk propaganda
– Viss fleire unge jenter skal velja realfaglege og teknologiske utdanningar, så er det viktig at me har lærarar i faga som kan vera gode rollemodellar og visa moglegheitene som finst.
Med unntak av biologiske fag var det våren 2024 ved UiT sine realfaglege og teknologiske utdanningar, 24 prosent kvinnelege studentar. For berre ingeniør- og sivilingeniørutdanningar var det berre 23 prosent kvinner.
- Les også: Har kjempet mot giftig plante i ti år
Nasjonalt var 30 prosent av 1.-prioritetssøkjarar til ingeniør- og sivilingeniørprogram kvinner.
Ifølgje Berg ser han ein Særdeles mangel på informatikkstudia der berre 18 prosent av 1. prioritetssøkjarane var kvinner til UiT i 2024.
– Her blir det fleire døme på korleis denne skeivfordelinga av kjønn påverkar digitale løysingar som blir utvikla, sidan dei hovudsakleg blir utvikla av menn, avsluttar Berg.