Hopp til innhold

Fann gravplass for torsk: – Respektlaus utnytting av ein sårbar ressurs

Noregs dykkeforbund er sjokkert etter funn av gravplass for torsk dei meiner er dumpa av turistfiskarar. Dumping, stort uttak og smugling, er teikn på at turistfisket ikkje lenger er berekraftig, meiner dei.

– Det er respektlaust, rett og slett. Torsken, og kysten generelt, blir utsett for press frå fleire hald. Og så har vi fisketuristane som nærast ukritisk haustar av sårbare fiskebestandar. Det er ikkje haldbart.

Det seier Ida Camilla Aluwini Skaar, marinbiolog og prosjektleiar for marin forsøpling og spøkelsesfiske i Noregs dykkeforbund.

Ida Camilla Aluwini Skaar og Gry Henriksen - prosjektleder, marin forsøpling og spøkelsesfiske, og president, i Norges dykkeforbund mener at turistfisket må stoppes.

Ida Camilla Aluwini Skaar og Gry Henriksen, høvesvis prosjektleiar og president i Noregs dykkeforbund, meiner turistfiskarane ikkje bør få ta med seg eit gram fisk ut av landet.

Foto: Torbjørn Gylt / Norges dykkeforbund

Det var under ein dykketur i Nord-Norge i sommar at Skaar og kollegaene hennar kom over ein gravplass med dumpa torsk.

Det finaste stykket på fisken, fileten, var skore bort og restane kasta over bord.

Av turistfiskarar, meiner ho.

– Fisken hadde ikkje lege lenge i sjøen, og det var berre éin båt i nærleiken. Ein båt med fisketuristar. Dessutan såg vi at ein av dei drog opp ein torsk på nærare 20 kilo. Restane etter han fann vi på havbotnen rett etterpå, seier ho.

Skaar fryktar turistfisket gjer eit alt for stort innhogg i sårbare ressursar.

Les også Rekordmange turister smugler fisk: – Galskapen må ta slutt

Egon Holstad mener reglene for turistfiskere burde strammes inn.

Turistfiskarar kan i dag lovleg ta med seg 18 kilo fisk ut av landet. Men det er ikkje uvanleg at enkelte prøver å ta med seg langt meir.

Arbeidslivskriminalitetssenteret (A-krimsenteret) i Troms og Finnmark melder at Tolletaten så langt i år beslaglagt 7,6 tonn med fisk på grensa.

På berre ei veke i mai blei det beslaglagt meir enn eitt tonn ulovleg fiskefilet. Desse fangstane er hovudsakleg knytt til turistfiske.

I 2023 blei det rapportert inn til Fiskeridirektoratet at det var tatt 20.000 kveiter, 775.000 sei, 16.000 steinbit og 630.000 torsk via turistfisket. Langs heile kysten av Noreg er det, ifølge Fiskeridirektoratet, lokalisert cirka 1600 turistfiskebedrifter.

Beslag av turistfisk

Tolletaten har i år stoppa ulovleg utførsel av nær åtte tonn fiskefilet på grensa. Filetane stammar hovudsakleg frå turistfiske.

Foto: Tollregion Nord-Norge

– Ikkje berekraftig

Tollbeslaga kan langt på veg vise at mørketala for kor mykje fisk turistfiskarane tar opp er store.

Når det i tillegg kan vise seg at enkelte turistfiskarar dumpar mykje av fisken på havet, og tar opp betydelege mengder, er marinbiologen ikkje i tvil om kva som må gjerast.

Grensa for å ta med seg fisk ut av landet som turist bør settast til 0,0 kg! Men om dei først skal hauste, så bruk i det minste heile fisken. Alt skal vere inkludert i kvoten. Ikkje berre fileten, meiner Skaar.

Les også Beslagla eitt tonn smuglarfisk på ei veke – mistenker organisert verksemd

Fisk2

Og legg til:

– Det vi fann på havbotnen stamma frå éin båt. Viss du gonger funnet med talet på fisketuristar i Noreg på sommaren, så snakkar vi om betydelege mengder. Det er tydeleg at turistfisket ikkje er ein berekraftig utnytting av ressursane, uavhengig om dei bruker heile fisken eller ei, fastslår Skaar.

Skaar meiner at det i tillegg er så avgrensa kontroll med turistfisket at dei som har interesse av å ta med seg meir fisk for vidaresal kjem unna med det.

Fisketurister

INGA OVERSIKT: Fisketuristar får i dag ta med seg maks 18 kilo fisk ut av landet. Og all fisk må registrerast via ein app. Den har såpass mange svakheiter at forskarane ikkje kan bruke innrapporteringa til noko. Og med det har dei heller ikkje oversikt over fisket.

Foto: Pål Hansen / NRK

– Vil ha forbod

Skaar etterlyser no strengare reguleringar og meir kontroll av turistfisket. Og ho er ikkje aleine. Også Fiskarlag Nord forlanger betre overvaking av uttaket.

Nå kjem det støtte også frå stortingshald.

– Funnet som Noregs dykkeforbund har gjort understrekar det vi har fått ein del indikatorar på: Nemleg at turistfisket er blitt eit alvorleg problem. Vi i Raudt meiner at vi burde ha eit forbod mot turistkvotar på fisk, seier Sofie Marhaug, nestleiar i Raudt.

Les også Fiskeriministeren tar grep for å få kontroll på ulovlig turistfiske

Fiskeriminister Marianne Sivertsen Næss i Vardø

Og grunngivinga er enkel:

– Vi har ein torskebestand som er skjør i periodar. Da kan vi ikkje ha uhemma uttak og eksport via turistkvoten, som det tyder på at vi har. Dette samtidig som kystfiskarar får beskjed om at det blir kutt i kvoten. Det heng ikkje på greip, seier Marhaug.

Sofie Marhaug

REAGERER PÅ FUNN: – Det er sjokkerande. Samtidig så understrekar det noko vi har fått ein del indikatorar på: Nemleg at turistfiske er blitt eit alvorleg problem, seier Sofie Marhaug, nestleiar i Raudt.

Foto: William Jobling / NRK

Også Bengt Rune Strifeldt, stortingsrepresentant for Frp i Finnmark, kan sjå for seg eit forbod mot utførsel av fisk.

Men ikkje for alle.

– Om du ikkje er tilknytt ei registrert turistfiskebedrift, så kan ei av løysingane vere at du ikkje får lov å føre fisk ut av landet. Så er vi i tillegg nøydde til å vurdere å styrke kontrollen med turistfisket, seier han.

Bengt Rune Strifeldt, Alta Frp, stortingsrepresentant og kanskje Altas neste ordfører.

VURDERER TILTAK: – Det kan vere at vi må stramme inn på volum og talet på fiskarar. Eg trur elles ikkje det er fiskarane hos dei registrerte turistfiskebedriftene som er dei største syndarane, seier Bengt Rune Strifeldt, stortingsrepresentant for Finnmark Frp.

Foto: Jonas Løken Estenstad / NRK

Og legg til:

– Vi må kanskje også sjå på om vi må redusere talet på fiskarar og volumet dei tar ut. Det skal ikkje vere ein matauk, seier Strifeldt.

Fiskebåt ved Ingøy, Vest-Finnmark

Marinbiolog hos Noregs dykkeforbund, Ida Camilla Aluwini Skaar, vil heller ofre fisketuristane enn dei som har fisket som levebrødet sitt.

Foto: Allan Klo

– Må hauste sjølv

Marinbiolog Ida Camilla Aluwini Skaar i Noregs dykkeforbund held på si side fast at vi like godt kan kutte ut denne delen av haustinga.

Sjølv om det da kan bety at vi mister ein del viktige distriktsarbeidsplassar langs Norskekysten.

– Dersom vi bidrar til framleis overfiske, og da risikerer at heile populasjonen kollapsar, så vil fleire enn berre turistfiskarane miste livsgrunnlaget sitt, seier Skaar.

Og legg til:

– Vi må gjennomføre tiltak for å bevare populasjonen. Og da må vi begynne ein stad. Turistfisket er lettare å kutte ut enn kommersielt fiske, hevdar ho.

Les også Turistene melder inn fangsten til ingen nytte

Fisketurister