Hopp til innhold

Fekk bilstans i 34 minusgrader, men ingen stoppa for å hjelpe: – Sjokkerande

I 34 minusgrader fekk Trine Nielsen frå Tromsø stans på E16. Ikkje ein einaste bil stoppa for å tilby henne hjelp på den trafikkerte vegen.

Her blei det bom stopp for Trine Nielsen og dottera i 34 minusgrader.

Her blei det bom stopp for Trine Nielsen og dottera i 34 minusgrader. Ingen bilar stoppa medan dei venta på bilberging.

Foto: Privat

– Det sjokkerer meg eigentleg, seier Trine Nielsen.

Det var laurdag morgon at ho og dottera skulle køyra frå Nannestad til Sarpsborg med hesten sin. På grunn av uvanleg låge temperaturar hadde dei avtalt med landslagstrenaren at dei skulle få trena i hennar isolerte ridestall i helga.

– I og med at det var meld kaldvêr, så testkøyrde eg bilen i like låg temperatur på fredag. Då var det ingen problem med han, seier Nielsen, som opphavleg er frå Tromsø.

Men etter nokre kilometer på laurdagen byrja den første varsellampa å lysa i bilen. Nielsen planla å stoppa på bensinstasjonen ved Gardermoen for å sjekka kva problemet kunne vera, men så langt kom ho ikkje.

Trine Nielsen og dattera måtte venta i rundt 25 minutt i den kalde bilen.

Trine Nielsen og dottera måtte venta i rundt 25 minutt i den kalde bilen.

Foto: Privat

– Før det kom alle varsellamper på. Det rykte i bilen og den døydde ut, seier Nielsen.

Ho rakk ikkje eingong å køyre bilen ut til sida før han stoppa

– Det var på E16 og ganske mykje trafikk. Då breidde panikken seg litt, seier Nielsen.

Måtte få politihjelp

Ho sette nødblinken på, bad dottera ringja stallen for å få nokon til å henta hesten, og sjølv ringde ho til NAF for å få veghjelp. Det var kø på linja, og Nielsen skjønte det kunne ta lang tid før dei fekk hjelp.

– Eg kjende at eg fekk meir og meir panikk. Då sa eg til dotter mi at ho må ringja politiet og seia at me måtte ha assistanse for å dirigera trafikken viss me skulle få ut hesten. Det var 34 minusgrader, så det kunne bli farleg, seier ho.

Politiet skulle senda ein patrulje. I mellomtida vart dei sitjande i bilen og venta saman med hesten og to hundar.

– Viss me hadde gått ut av bilen, ville me mista den vesle varmen me hadde, seier Nielsen.

I denne bilen venta Trine Nielsen, dattera, ein hest og to hunder på hjelp.

I denne bilen venta Trine Nielsen, dottera, ein hest og to hundar på hjelp.

Foto: privat

Det vart raskt kaldt i bilen, og hundane vart pakka inn i ullpledd medan dei venta på politiet og veghjelp. Samtidig stussa Nielsen over at ingen stoppa for å tilby dei hjelp på den trafikkerte vegen.

– Alle visste kor kaldt det var og kor farleg det kan bli. Det sjokkerer meg eigentleg, men eg veit ikkje om det er litt sånn austlendingar er. At ein berre tenkjer at folk har mobiltelefon og det ordnar seg sikkert, seier ho.

Les også På telttur på tusenårets kaldeste dag: – Var veldig heldig

Gina Johansen på telttur i -50 utenfor Karasjok

– Tilby hjelp

Nielsen reknar med at dei venta i rundt 25 minutt før politiet kom. Då fekk dei og hundane setja seg i politibilen for å varma seg medan dei venta på bilberging.

Nielsen og dottera fekk varme seg i politibilen medan dei venta på bilberging.

Nielsen og dottera fekk varme seg i politibilen medan dei venta på bilberging.

Foto: Privat

Det gjekk bra denne gongen, men Nielsen har ei klar oppmoding til medtrafikantar.

– Stopp og spør om alt går bra og om det er noko ein kan hjelpa med. Berre å få ein bil å varma seg i vil hjelpa. Me må ikkje gløyma den medmenneskelegdommen og vera til hjelp for andre, sjølv om det er nokon ein ikkje kjenner. Ein må ikkje gløyma å bry seg, seier ho.

Stoppar du viss du ser ein bil med naudblink på vegen?

Jan Harry Svendsen er rådgivar i NAF. Han trur det varierer kor flinke folk er til å stoppa viss dei ser ein bil med nødblink på vegen.

– Viss ein ser nokon som står langs vegen med nødblink på, så er det lurt å stoppa. Då er det heilt openbert at det er nokon som treng hjelp. Har dei ordna seg hjelp, så kan ein køyra vidare, seier han.

Svendsen påpeikar at det er viktig å stoppa på ein stad som er trygg både for seg sjølv og annan trafikk, så ein ikkje skaper trafikkfarlege situasjonar.

Jan Harry Svendsen, rådgjevar NAF

Jan Harry Svendsen, rådgivar i NAF, meiner alle bør stoppa og tilby hjelp viss ein ser ein bil med nødblink.

Foto: Arne Fosland / NRK

Det tek ikkje lang tid før det blir kritisk kaldt i ein bil med motorstans ved temperaturar som ein har sett over store delar av landet den siste veka.

– Det me tilrår på dagar som er såpass kalde som no, og eigentleg alltid på vinteren, er å ha med varme klede, gode sko, lue, vottar og skjerf. Så er ein alltid førebudd viss noko skjer. Det er ikkje lurt å køyra med småsko og tynna klede no. Skjer det noko, så vil det raskt utvikla seg til ein veldig ubehageleg og potensielt farleg situasjon, seier Svendsen.

Han rår også å ha med ullpledd i bilen som ein kan pakka rundt husdyr som er med.

– Ta med pledd, mat og noko varmt og drikke, så er ein litt meir førebudd om noko skulle skje, oppmodar Svendsen.

Les også Værskifte i hele Norge: Mildere og penere i sør, «guffent» i nord

Vogntog på vei opp glatt bakke

Flere nyheter fra Troms og Finnmark