Hopp til innhold

Høgt press i barnehagar i Hammerfest: – Ungane lid

Stort sjukefråvær i enkelte barnehagar gjer at dei må halda stengt. No har ny politisk leiing teke grep.

Ragnhild Storaas Jæger og Christine Wilhelmsen, støttepedagoger i Mylingen barnehage, leker med barna
Hammerfest

Ragnhild Storaas Jæger og Christine Wilhelmsen, støttepedagogar i Mylingen barnehage i Hammerfest, leiker med barna.

Foto: Sunniva Hadland Bøthun / NRK

Situasjonen er prekær. Det er stort sjukefråvær og me manglar faglærte og fagarbeidarar. Me kjenner verkeleg trykket, seier Ragnhild Storaas Jæger, støttepedagog i Mylingen barnehage.

Ho fortel at det har vore mykje sjukefråvær i barnehagen. Dei har til tider måtte stengja tidleg og stadig vekk er det berre to vaksne på 18 barn. Til vanleg skal dei vera tre.

– Det er enormt viktig arbeid som blir gjort. Kvaliteten på det faglege arbeidet og pedagogisk arbeid blir borte, seier Jæger.

Ho fortel at folk vel seg bort og vel andre yrkesvegar. Dei får ikkje inn assistentar og fagarbeidarar.

Raghild Storaas Jæger og Christine Wilhelmsen, støttepedagoger i Mylingen barnehage i Hammerfest

Ragnhild Storaas Jæger og Christine Wilhelmsen, støttepedagogar i Mylingen barnehage, fortel om ein travel kvardag der dei ofte er for lite folk.

Foto: Sunniva Hadland Bøthun / NRK

Jæger seier at situasjonen er pressa:

– Me spring rundt med høge skuldrer. Me har ingen som kjem når me treng plantid eller når me treng møtetid med foreldre. Me maktar ikkje det som me skal gjera og det som me er pålagde å gjera.

Les også I Hammerfest vurderer 7 av 10 lærarar å slutta

Hammerfest sentrum

– Ungane lid

I kommunen har Kvalsund barnehage hatt opptil 40 prosent fråvær i november og desember. Det har ført til at barnehagen har vore stengd. Totalt i Hammerfest har det vore 18 prosent fråvær i år.

Ragnhild Storaas Jæger, støttepedagog i Mylingen barnehage i Hammerfest

Ragnhild Storaas Jæger, støttepedagog i Mylingen barnehage, fortel at dei har mykje sjukefråvær. Barnehagen har rundt 15,5 prosent.

Foto: Sunniva Hadland Bøthun / NRK

Jæger kallar det for ein vond sirkel at folk blir overbelasta for å prøva å fylla stillingane til dei som er borte.

– Ungane lid og dei vaksne lid. Det er ein fantastisk jobb å jobba med barn, men me ser no at det er vanskeleg, seier ho.

Ho fortel at det har vorte eit stort press på det kvalitetsarbeidet som blir gjort i barnehagen.

– Pedagogane er dei som gjer at det er ei pedagogisk verksemd. Blir dei borte er det eit stort press, seier Jæger.

Les også Må spara 137 millionar kroner neste år: – Ei dritjulegåve til dei tilsette

Christian Bergeton Klaussen, Fagforbundet Hammerfest

Går ikkje opp

Christine Wilhelmsen er òg støttepedagog i Mylingen barnehage. Ho fortel at dei ikkje klarar å leva opp til den autoritative vaksenstilen.

– Me blir kanskje litt mykje autoritær og det går utover kvaliteten i barnehagen, seier Wilhelmsen.

Christine Wilhelmsen, støttepedagog i Mylingen barnehage

Christine Wilhelmsen er støttepedagog i Mylingen barnehage. I haust har dei hatt to avdelingsmøte.

Foto: Sunniva Hadland Bøthun / NRK

Ho peikar på at lønna kan vere problemet.

– Lønna går ikkje opp som me ønskjer. Me klarer ikkje å konkurrera med andre.

I tillegg har arbeidskrava vorte mykje høgare enn dei var før, fortel Wilhelmsen.

– Me har hatt to avdelingsmøte i haust på avdelinga mi. Det er ikkje mykje. Me går rundt og planlegg over hovudet på ungane. Me spring i gangane og pratar på innpust og utpust i kvarandre. Det blir ikkje god planlegging av det.

Les også Enighet om budsjettet i Hammerfest: Freder oppvekstsektoren

Fra venstre: Kommunedirektør Elisabeth Paulsen, ordfører Terje Rogde (H) og varaordfører Jan Tore Kvalnes (Partiet Nord) i Hammerfest

Urovekkjande høgt

Kommunalsjef for kultur og oppvekst i Hammerfest, Arve Paulsen, fortel at sjukefråværet er urovekkjande høgt.

– Me ser også at det i oktober, november og desember har det vore eit spesielt høgt fråvær, seier Paulsen.

Arve Paulsen, kommunalsjef for oppvekst og kultur i Hammerfest kommune

– Når ein står på ekstra så strekkjer ein nok strikken endå litt for langt. Dermed set ein si eiga helse på spel og kan bli lettare sjuk, seier kommunalsjef for kultur og oppvekst, Arve Paulsen.

Foto: Mariam Eltervåg Cissé / NRK

Han meiner årsaka til høgt fråvær kan vere samansett:

– Ein del er det som er knytt til at me har ein del som er sjuke i samband med influensa og andre ting i barnehagen. Også er det ikkje tvil om at det er eit høgt arbeidspress i barnehagen når fråværet er høgt. Fråvær avlar fråvær.

Den største utfordringa kommunen har er å skaffa vikarar.

– Det er ingen tilgjengelege vikarar gjennom vikarbyrå eller i Hammerfest generelt.

Les også Ny kuttliste for Hammerfest kommune: – Det blir eit veldig tøft år

– Teke grep

Trass i at kommunen er i ei djup økonomisk krise, vel den politiske leiinga å gjera nokre grep i kommunebudsjettet dei vedtok førre veke.

Dette er noko me har sett over lang tid. Det er heilt klart at barnehagane har tapt veldig mykje i lønn. Me har teke grep for å få meir vikarar og meir faste tilsette i barnehagen, seier ordførar i Hammerfest, Terje Rogde (H).

Påtroppende ordfører i Hammerfest Terje Rogde (H)

– Me har teke grep for å få meir vikarar og meir faste tilsette i barnehagen, seier ordførar i Hammerfest, Terje Rogde (H).

Foto: Allan Klo / NRK

Alle tilsette i barnehagane skal opp i lønn med minimum 20.000 kroner som skal innførast i august 2024.

– Me køyrer også i gang eit forsøksprosjekt i Kvalsund. Vi har kalla det for 80/100, der dei får full lønn for 80 prosent arbeid.

Då får dei fri ein dag i veka, noko som ordføraren håpar gjer det attraktivt å jobba der.

Støttepedagogen i Mylingen barnehage, Ragnhild Storaas Jæger, har fleire ønskjer til korleis barnehagen kan bli betra i framtida:

– Me ønskjer å jobba med fred i hjartet og få lov til å sjå barna. Me ønskjer auka grunnbemanning. Me ønskjer fire vaksne på avdelinga, sånn at me har nok folk når me må gjera dei andre tinga utanfor avdelinga, seier Jæger.

Les også Historisk maktskifte: Høyre tar over Ap-kommunen med 3,5 milliarder i gjeld

Flere nyheter fra Troms og Finnmark