Hopp til innhold

Den største frøleveransen i kvelven på Svalbard på 16 år

Den globale frøkvelven på Svalbard veks. Viktig for verdas matsikkerheit, meiner fleire.

Svalbard globale frøhvelv Geir Pollestad. Kazakhstan

HISTORISK: Tysdag blei ei rekke nye frø levert til frøkvelven på Svalbard, blant dei mange prøver frå Kasakhstan.

Foto: Jannicke Mikkelsen / NRK

– Det handlar om å ta vare på dei klimaressursane vi har. Noreg har samarbeid med nordiske land og sin eigen genbank, men dette er backupen viss det går gale med genbankane rundt om i verda.

Det seier landbruks- og matminister Geir Pollestad til NRK.

Tysdag blei ein historisk dag på Svalbard Globale frøkvelv, da heile ni nye genbankar blei leverte til den største frøkolleksjonen i verda.

Den største deponeringa sidan etableringa i 2008.

– Dette er heile forsikringspremien i verda. Ein har lokale og nasjonale frøbankar, men viss dei blir skadde av ein eller annan grunn, så skal reserven ligge her, seier Pollestad.

Les også Svalbard globale frøhvelv: Slik satte Norge sitt omdømme på spill – og verdensarven i fare

Kunstverket ved inngangspartiet, laget av Dyveke Sannes, lyser opp omgivelsene rundt.

Svalbard globale frøhvelv Geir Pollestad. Kazakhstan

LEVERANSE: Etter ein tur innom sikkerheitskontrollen på Svalbard lufthamn, blei frøa frå blant anna Kasakhstan sendt til frøkvelven.

Foto: Jannicke Mikkelsen / NRK

Historisk dag

Sidan frøkvelven såg dagens lys for 16 år sidan, har land over heile verda levert frøprøver til kvelven på Svalbard.

Saman med Landbruks- og matdepartementet og organisasjonen Crop Trust, driftar Nordgen frøkvelven.

frøhvelvskoordinator Åsmund Asdal. Svalbard globale frøhvelv.

Frøkvelvkoordinator Åsmund Asdal.

Foto: Jannicke Mikkelsen / NRK

– I dag har vi lagt inn frø frå 23 ulike genbankar, ni nye. Det har aldri før vore så mange nye genbankar som har lagt inn frø her. Det er oppmuntrande, litt emosjonelt og det er veldig rørande, seier frøkvelvkoordinator Åsmund Asdal.

Asdal fortel at fleire titals utviklingsland framleis står i kø for å levere frøprøver til Svalbard, godt hjelpte av eit norskfinansiert prosjekt.

– Dei neste åra kjem vi til å jobbe hardt for å oppmuntre nye genbankar til å sende frøa sine hit, seier Asdal, og beskriv Svalbard som den beste staden å sikre frø for framtida.

Les også Skjerper sikkerheten ved frøhvelvet på Svalbard

Frøhvelvet på Svalbard

Sjølv er han godt fornøgd med at Kasakhstan lykkast i å sende representantar til Svalbard, i samband med leveransen deira av over 500 prøver frå åtte ulike genbankar.

– Dette er framtida vår. Det er veldig viktig for oss å vere med her, seier Mjirman Galiolla, professor ved Kazakh Scientific Research Institute of Agriculture and Plant Growing, via tolken sin.

Svalbard globale frøhvelv Geir Pollestad. Kazakhstan
Foto: Jannicke Mikkelsen / NRK

Beredskap for verda

Landbruks- og matminister Pollestad meiner det er viktig at Noreg har tatt på seg oppgåva med å verne frøa i verda.

– Dette er ein svært viktig del av mange land beredskapen sin, og det er stadig fleire land som tar det i bruk. Nå er det rundt 80 land som har lagt inn frø her, seier Pollestad, etter å ha overlevert diplom til representantane frå Kasakhstan.

Pollestad er ikkje i tvil om viktigheita av at ein lagrar frø i ein stor felles kvelv, tilfelle det skulle oppstå skade ved nokon av dei andre frøkvelvane som blir brukte.

– Det handlar om at ein skal kunne ha høve til å brødfø si eiga befolkning om både 10 og 100 år.

Ein miljøaktivist er sakna etter at han braut seg inn i frøbanken på Svalbard. Når politiet avsluttar søket, må etterforskar Max Grosz ta opp jakta.

Ein miljøaktivist er sakna etter at han braut seg inn i frøbanken på Svalbard. Når politiet avsluttar søket, må etterforskar Max Grosz ta opp jakta.