Hopp til innhold

Troms og Finnmark er historie: – Vi kjem til å fortsette samarbeidet

Etter snart fire års sambuarskap, har fylka Troms og Finnmark no «gått kvar til sitt».

Fyllkestingsmedlemmene klapper for at det er slutt for Troms og Finnmark fylkeskommune.

Troms og Finnmark gjekk i dag over i historia, til applaus frå fylkespolitikerne.

Foto: Gunnar Sætra / NRK

– Vi takkar for eit godt samarbeid mellom Troms og Finnmark så langt. Og sjølv om vi no er formelt skilt i to fylke, kan vi sjå for oss at samarbeidet kjem til å fortsette. Spesielt innanfor sikkerheitspolitikken.

Det sa avtroppande fylkesordførar i Troms og Finnmark, Tarjei Jensen Bech frå talarstolen.

Det skjedde under det siste møtet i Troms og Finnmark fylkesting i Kirkenes tysdag ettermiddag.

Slutt for Troms og Finnmark fylkeskommune.

TAKKA AV: Fylkesordførar for Troms og Finnmark, Tarjei Jensen Bech (Ap), takka i dag av etter 12 år i fylkespolitikken.

Foto: Gunnar Sætra / NRK

Samanslått med tvang

Stortinget vedtok i 2017 å slå saman fleire fylke i Noreg. Og 1. januar 2020 så storfylket Troms og Finnmark dagens ljos.

Fleirtalet av politikarane i fylkestinget i Troms og Finnmark godtok aldri samanslåinga, og har hele tida arbeidd for å få ho snudd.

Senterpartiet gjekk i 2021 til val på å reversere det dei kalla for ei tvangssamanslåing. Og i dag var det to fylka formelt skilt.

– Det var ein del av folkeviljen, kanskje spesielt i Finnmark kor 87 prosent av folket sa nei til samanslåinga. Etter valet i 2019 hadde ikkje vi noko val. Vi går no kvar vår veg i ei ny tid, seier Jensen Bech.

Les også Mener det meste blir bedre hvis Troms og Finnmark skilles

Fylkesrådsleder Bjørn Inge Mo (Ap) er 100 % sikker på at det blir oppløsning av Troms og Finnmark

Regjeringa har sett av rundt 800 millionar kroner til oppsplittinga av storfylka Troms og Finnmark, Viken, Vestfold og Telemark og Ålesund og Haram.

Optimist

Fylkesordførar for nye Finnmark fylke, Hans-Jacob Bønå, erkjenner at han overtar ein del av skilsmisseboet han eigentleg ikkje ønska.

Men som han seier:

– Det trur eg går heilt greitt. No har det vore ein ryddig prosess, og eg trur vi har lagt ein grei føring for å kunne drifte Finnmark fornuftig framover, seier han.

Hans-Jacob Bønå

Fylkesordførar for nye Finnmark, meiner det er arbeidd fram eit godt grunnlag for å drifta Finnmark fornuftig framover.

Foto: Knut-Sverre Horn / NRK

Dokker har jo hatt ein liten disputt om booppgjeret. Er dokker ferdige med det no?

– Ja, eg håpar det. Eg oppfattar ikkje at vi har noko splid og ueinighet no, seier Bønå.

Les også Oppløsinga av storfylket sender Finnmark ut i økonomiske vansker

Lilli Onseid er elevrådsleder Vardø videregående skole. Vardø hadde 1897 innbyggere ved siste telling og Onseid frykter for byens fremtid dersom skolen legges ned.

– Betre samhald

Kristina Torbergsen, som blir fylkesordførar i Troms, trur og at dei fire åra i sambuarskap har knytt fylka tettare saman.

Og ho ser for seg mange gode diskusjonar om viktige felles tema i tida framover.

– Når vi i framtida skal diskutere helseberedskap, forsvar, totalberedskap, eller internasjonal samarbeid og vegprosjekt, så kan vi ta kvarandre i handa og seie at vi jobbar saman.

– Vi er ikkje ein trussel mot kvarandre. Tvert imot: Vi er ein styrke for kvarandre, seier ho.

Og ho legg til:

– Det finst kanskje ikkje så mange lukkelege skilsmisser. Men eg vil seie at denne er eit resultat av et ekteskap som ikkje så mange ville ha.

Slutt for Troms og Finnmark fylkeskommune.

OPPSPLITTA, MEN IKKJE SPLITTA: Fylkesordførar for nye Troms, tok til orde for eit samarbeid mellom dei nye fylka i tida framover.

Foto: Skjermdump / TFFK

Flere nyheter fra Troms og Finnmark