Hopp til innhold

Kommunen må kutte 90 millionar i året. Lønsauke til rådmannen får folk til å koke

Dropen har runne over for folket i Senja. For samtidig som kommunen må gjennomføre store kutt, vil ikkje politikarane gå ned i lønn, og rådmannen får meir pengar.

Senja rådhus

SLIT: Senja kommune slit med økonomien etter kommunesamanslåinga i januar.

Foto: Linda Pedersen / NRK

– Dei må spare i kommunen. I tillegg har dei varsla eit lønsoppgjer som er tilnærma null for dei andre leiarane i kommunen. Og så kjem dei med dette, rett før budsjettet skal behandlast. Då er det full fyr, altså, seier redaktør i Folkebladet Steinulf Henriksen.

I den nye storkommunen Senja kokar det. Sinnet er retta mot kommunestyret og rådmann Hogne Eidissen.

For i januar i år blei Berg, Lenvik, Torsken og Tranøy til storkommunen Senja.

Under arbeidet med samanslåinga, vart det utarbeidd ein intensjonsavtale. Der sto det blant anna at ingen av dei kommunalt tilsette skulle miste jobben som følge av samanslåinga.

Slik ser det ikkje ut til å bli.

Senja kommune er nøydd til å kutte 90 millionar kroner i året dei komande åra.

– Når lønskostnadane våre utgjer 70 prosent av dei totale kostnadane, så er det tydeleg at det er der det er enklast å kutte, seier ordførar Tom-Rune Eliseussen.

– Vi kan ta grep i alle sektorar, men helsesektoren har kanskje størst potensial.

Dette skjer samtidig som at politikarane i kommunen beheld løn og mesteparten av godtgjerslene sine, og rådmann Hogne Eidissen får ei lønnsauke på 100 000 kroner. I tillegg får han eit reisetillegg på 50 000 kroner.

Det får befolkninga i storkommunen til å reagere. Blant anna på Folkebladets Facebookside.

Rett og slett usmakelig og et hån mot kommunens innbyggere. I Senja kommune truer både oppsigelser og nedleggelser rundt om i bygdene, og til og me slukking av gatelys for å spare penger. Så kommer dette på toppen av alt. Nei fy fan. Senja kommune er ikkje et blivende sted.

Fra Folkebladets Facebook-side

Det skal ikke være mulig i disse elendige tider! Utrolig at disse smartingene går rundt uten verger. Navnet Senja blir godt utskjemt, det skulle aldri blitt brukt på den nye «storkommunen». Bare trist og stor skam. Nesten så man håper at noen «voksne» skal overta styringen.

Fra Folkebladets Facebook-side

– Eg trur ikkje eg har opplevd ein så massiv reaksjon i mine 24 år som redaktør i Folkebladet. Det haglar inn med meldingar. Mange av dei er rett og slett for grove for trykk. Vanlegvis har vi folk som forsvarer avgjerslene, men det ser vi ikkje no, seier Steinulf Henriksen.

Steinulf Henriksen

KJEM FRÅ MANGE: Steinulf Henriksen er overraska over at reaksjonane i denne saka ikkje kjem frå dei som vanlegvis protesterer, mein frå eit uvanleg bredt lag av folk.

Foto: Arild Moe / NRK

Mange element

Herbjørg Valvåg sit i kommunestyret for SV. Ho var sjølv med på å stemme for lønsauken. Hadde ho visst korleis reaksjonane ville bli, trur ho at ho hadde stemt annleis.

– Etterpåklokskap kan vere grei å ha. Det får vi ikkje gjort noko med no. Men kanskje beløpet skulle vore det halve, altså 50.000.

Steinulf Henriksen trur ikkje det er rådmannens lønsauking aleine som er årsaka til reaksjonane.

– Ein må få med seg heile historia. Det er ei omstridd samanslåing. Tranøy og Berg sa klart nei. Og i Torsken var det rein tvang. Intensjonsavtalen dei laga viser seg å ikkje vere verdt papiret det er skrive på, seier han.

– Ein har alt for mange tilsette. No må det kuttast og sparast der det kan, og dei er i gang med den jobben. Så kjem dette med rådmannen si løn, som allereie har ei god løn. Det handlar om timing, og truverdigheit og tillit, held han fram.

Forstår at folk reagerer

Rådmannen Hogne Eidissen forstår at folk reagerer som dei gjer, men synest at fleire går over streken.

– Det er ikkje hyggeleg. Eg ville lyge om eg sa at det var enkelt å stå i det, seier han.

Eidissen trur folk ville reagert annleis om dei hadde visst heile historia. Han har ikkje hatt lønsauke sidan 2017.

– Eg ville ikkje det. Eg ville lose kommunesamanslåinga i hamn først. I tillegg har vi hatt eit turbulent 2020, så det at eg no får lønsauke er eit svar på at kommunen er nøgd med jobben eg har gjort, seier Eidissen.

Ordførar i Senja kommune, Tom-Rune Eliseussen, meiner også at lønsauke til rådmannen er innanfor.

– Rådmannen har rett til å få vurdert løna si, på lik linje med andre tilsette i kommunen. Han har ikkje fått løna si regulert dei tre siste åra. Løna han no har fått er helt på linje med det rådmenn i andre kommunar på størrelse med Senja tener, og i tråd med lønsveksten elles i samfunnet, seier Eliseussen.

Men også han får kritikk.

Rådmann Hogne Eidissen

STÅR STØTT: – Det er ikkje synd i meg, eg står støtt. Men nokon stormar er litt tyngre enn andre, seier rådmann i Senja Hogne Eidissen.

Foto: Linda Pedersen / NRK

Skal bli færre

Ordføraren tener 1.145.000 kroner i året. Det gjer han til den best betalte ordføraren i Nord-Noreg. Så langt har ingen av dei kommunale politikarane sagt seg villige til å gå redusere løna eller godtgjerslene sine.

Bortsett frå på eit punkt.

– Vi har faktisk vedtatt ein reduksjon i møtegodtgjersle for representantane i kommunestyret, seier ordførar Tom-Rine Eliseussen.

– Kor mykje er det snakk om?

– Totalt sett er det snakk om 250.000 kroner kvart år. I tillegg har vi bedt rådmannen om å greie ut moglegheitene for å redusere talet på kommunestyrerepresentantar.

I dag er det 45 representantar i Senja kommunestyre. For ordens skuld betyr det at kommunestyrerepresentantane i Senja gir frå seg omtrent 5.500 kroner i årlege møtegodtgjersler.

Dagens diskusjon kjem i tillegg til ein del andre saker rundt økonomien i Senja kommune det siste året. Blant anna saka om at tidlegare ordførar Geir Inge Sivertsen fekk 120.000 kroner i etterlønn frå kommunen da han blei fiskeriminister. Pengar Sivertsen seinare betalte tilbake.

Tom Rune Eliseussen

NØDVENDIG: – Når vi no er godt i gang med den nye kommunen, må gjere endringar, seier ordførar Tom-Rune Eliseussen.

Foto: Linda Pedersen / NRK

Dårlege signal

Herbjørg Valvåg i SV meiner sakene det siste året sender ut dårlege signal til befolkninga.

– Dette handlar om kven ein vil ha som politikar og styre for seg. Økonomien til Senja kommune er prega av vedtak politikarane i dei fire kommunane har gjort tidlegare, av vedtak som politikarane har gjort det året Senja kommune har eksistert, og den økonomien som regjeringa og politikarane på Stortinget gir oss. Her må vi vere med på å mobilisere å skape dei beste vedtaka som er moglege å få innanfor den tøffe situasjonen vi er inne i.

Også Steinulf Henriksen meiner Senja no slit med omdømet.

– Det vil ta fleire år for kommunen å bygge opp eit bra renommé. Dei må satse på ungane og bygge ut skular. Støtte opp om sårbare grupper. Så må dei få færre leiarar, og fryse leiarlønningane i kommunen i ei god stund framover, seier han.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark