Hopp til innhold

Sander (27) flytta frå Tromsø: Ville bort frå høge bompengekostnadar

Sander trur ikkje at den nye bomringen i Tromsø vi ha positive ringverknadar. Han får støtte av over ein tredjedel av dei spurte i ei fersk undersøking.

Sander Bakkeli

Sander Bakkeli har liten tru på at bompengane kjem bilistane til gode.

Foto: Aurora Berg / NRK

Bompengar var dropen, seier Sander Bakkeli (27).

Han, sambuaren og deira tre år gamle dotter hadde lenge snusa på å flytte nærmare familie og vennar i Lyngen.

Då det blei bestemt at Tromsø skal innføre bompengar i oktober, blei flyttinga ein realitet.

– Eg hadde lyst til å komme meg bort frå byen, dei høge kostnadane med bompengar, og å ha eit litt friare liv.

Les også Elbilar fører til milliardtap – elbileigar Eva er open for å betale meir

Eva Elbilist

Låge forventningar til bompengar

Pengane frå bomringen skal gå til å betre veg for både sykkel, bilistar og kollektivtransport i kommunen.

Mellom anna skal bompengane gå til å trafikksikre skulevegar og nye bussterminalar.

Ei fersk spørjeundersøking viser likevel at over ein tredjedel av dei spurte har svært låge forventningar til at innføringar av bompengar i Tromsø gir betre vegnett og gang- og sykkelveg.

Undersøkinga er gjort av InFact på vegner av Nordlys og NRK. Ho er basert på 1009 svar frå folk i Tromsø.

Også Sander er lite nøgd med kva pengane skal gå til.

Det var ikkje så mykje som gagna oss som bilistar, og eg syklar ikkje til jobb.

Sander Bakkeli

Sander Bakkeli flytta frå Tromsø-området for å sleppe høge bompengar og for å leve eit litt friare liv.

Foto: Aurora Berg / NRK

Naturleg at folk er usikre

Tenk Tromsø står bak samferdselsprosjekta som bompengane skal vere med å finansiere.

Dei har også rekna på kor mykje det kostar å passere bomringen.

Viss du køyrer til og frå jobb i rushtida, og i tillegg kryssar bomringen 16 gongar utanom jobben, kjem bompengane på 1382 kroner i månaden.

Tala gjeld for éin bil med bompengebrikke, ifølge Tenk Tromsø.

Utan bompengebrikke varierer kostnadane etter kor mange bomstasjonar ein passerer, og vil bli vesentleg dyrare.

Veronica Wiik er leier for sekretariatet i Tenk Tromsø. Ho meiner at bompengane spelar ein viktig rolle for å betre samferdselstilbodet i kommunen.

– Eg trur det er ganske naturleg at mange er usikre på kva som kjem. Vi er i startfasen.

Wiik anerkjenner at dei har ein jobb med å vise lokalbefolkninga kva for prosjekt som kjem ut av bompengane.

– Etter kvar som ein set spaden i jorda, vil det nok bli meir klart at det kjem gode prosjekt som er nyttige i kvardagen.

Veronica Wiik

Veronica Wiik meiner at bompengar er viktig for å utvikle samferdselstilbodet i kommunen.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

– Enormt innhogg i privatøkonomien

Vi ser frå erfaring frå andre byer at folk har hatt låge forventingar før det har blitt innført bompengar.

Det seier varaordførar i Tromsø kommune Marlene Bråthen.

Marlene Bråthen

Marlene Bråthen trur at bomringen også vil gagne bilistane.

Foto: Andrine Gald Myklebust / NRK

Ifølge ho endrar likevel folk oppfatning av bompengar etter kvart.

Bråthen trur at folk vil sjå at det kjem gode ting ut av bomringen – både for kollektivreisande, syklistar og bilistar.

Bjørn-Gunnar Jørgens, gruppeleiar i Tromsø Frp, er derimot ikkje overraska over resultata i spørjeundersøkinga.

– Dette vil vere eit enormt innhogg i folk sin privatøkonomi.

Han meiner at folk i Tromsø trenger bilen, og at ein bør legge til rette for det.

Jørgensen synest ikkje det er rart at Sander har flytta frå Tromsø.

– Tromsø er ein av dei dyraste byane å bu i landet. Å få bompengar på toppen av det blir så klart ei belastning som for mange er vanskeleg å bere.

Les også Enighet om Oslopakke 3: Så mye mer må du betale i bompenger

Rushtrafikk i bomringen

Kortare pendlarveg og meir pengar

Før pendla Sander og sambuaren to og ei halv mil inn til sentrum kvar dag.

Ifølge han ville bomringen gjort reisevegen om lag 4000 kroner dyrare i månaden for småbarnsfamilien.

Eg synest det er kjedeleg med bomringen, men det angår ikkje meg lenger. Eg treng ikkje å dra til byen, seier Sander.

No er reisevegen korta betrakteleg.

Med kortare reiseveg til jobb, byr det nye livet både på ekstra fritid og meir pengar å rutte med.

Sander Bakkeli

Pendlarvegen til rekefabrikken er betrakteleg mykje kortare, enn det gamle reisevegen på to og ei halv mil.

Foto: Aurora Berg / NRK

Les også Stortinget ynskjer billegare bomveg for Nordøyvegen

Ada-Mari Haalen og Magnus Seth med flyttebil over Nordøyvegen

Flere nyheter fra Troms og Finnmark