Hopp til innhold

Redaktør samanlikna nasjonalpark­styre med nazistar

– Trudde ikkje vi skulle behøve å minne om at kjenneteikna på eit nazistyre er fangeleirar, tortur og avrettingar, svarer styret.

Geir Wulff foran avispresse

Geir Wulff er redaktør og dagleg leiar i den samiske avisa Ságat, og det har gått heitt for seg i ein lokal debatt om ei byggesak.

Foto: Ságat

På leiarplass i den samiske avisa Ságat kunne ein denne veka lese: «Naziparkstyret på raid i Seiland». Denne var signert sjefredaktør og dagleg leiar Geir Wulff. Forhistoria er ei omstridd byggesak i Seiland nasjonalpark i Finnmark.

Kjetil Romsdal i styret seier dei reagerer på å blitt kalla «naziparkstyret», og saman har dei skrive eit motsvar.

Der står det blant anna at dei oppfattar ordlyden i artikkelen til Wulff som gjennomgåande grov og tendensiøs, og at dei ikkje fekk mogelegheit til å komme med motsvar før trykk.

Redaktøren på si side synest beskrivinga er på sin plass.

– Styret, eller det førre styret som no er delvis utskifta, har opptredd som om dei bestyrte ein nazipark og ikkje ein nasjonalpark.

Seiland/Sievju nasjonalparkstyre 2020: fra venstre Geir Ove Bakken, Anne Mette Bæivi, Kjetil Romsdal, Brita Julianne Skum og Sigurd Pedersen.

Seiland/Sievju nasjonalparkstyre 2020: frå venstre Geir Ove Bakken, Anne Mette Bæivi, Kjetil Romsdal, Brita Julianne Skum og Sigurd Pedersen.

– Trur du lesarane oppfattar dette på same måte som du?

– Ja, det håpar og trur eg. Men det er jo klart at om du berre les tittelen på leiaren utan å lese den tre sider lange reportasjen, så kan du kanskje få eit gale bilde. Men av og til er det på sin plass å bruke så sterke ord.

Skjermdump

Skjermdump.

Oppfordrar til forsiktig bruk av nazi

Rabbinar Joav Melchior i Det Mosaiske Trossamfund seier dei ser alvorleg på at folk nyttar nazi-ord, eller andre omgrep frå den andre verdskrigen, for å setje ei sak i eit negativt lys.

Joav Melchior

Rabbinar Joav Melchior.

Foto: NRK

– Ein skal vere forsiktige, men det er jo lov til å bruke omgrepa, men då i spesifikke tilfelle. Om vi stemplar alt vi er politisk svært ueinige i med ein slik ordbruk, er dette med på å minske alvoret i forbytingane som skjedde under andre verdskrig og holocaust.

Til slutt kan vi ende opp med å ikkje forstå alvoret, og kor langt forbytingar kan komme.

– Nokre gangar er det nødvendig å seie ifrå

Redaktøren i Ságat meiner at i denne saka er slike ord nødvendige, og at det dreiar seg om eit stygt overgrep og myndigheitsmisbruk, og at det er snakk om brot på fleire regelverk og konvensjonar.

– Men er det ikkje litt drygt å dra nazismen inn i ein lokal debatt?

– Det var på sin plass å bruke sterke ord, og kalle ein spade for ein spade. Dette kunne ikkje gå upåakta hen.

Ifølge leiaren i Ságat handlar dette om ein gamal sjøsamisk familieeigedom. Dei involverte er eit søskenpar på 93 og 95 år som i tillegg har opplevd krigen. I 2019 skal det ha blitt reist eit bygg på 16 kvadratmeter der det tidlegare stod eit atterreisingsbygg på 13 kvadratmeter.

Hensikta deira var å føre tilbake ei såkalla ostebu som tyskarane brente i november 1944.

Dette nybygget skal ha vore ulovleg og nasjonalparkstyret skal ha krevd tomta rydda, noko Ságat-redaktøren reagerte sterkt på.

– I løpet av mine 45 år som journalist og redaktør har eg berre brukt nazi ein gang. Eg håpar det ikkje blir behov for å gjenta det.

Har nytta liknande uttrykk før

– Sjølv om vi ser slikt blir skrive i kommentarfelt rundt om kring, bør ein redaktør halde seg for god til ei slik debattform, seier politisk redaktør i Nordlys, Skjalg Fjellheim.

Skjalg Fjellheim

Skjalg Fjellheim, politisk redaktør i Nordlys.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

– Ein gjer seg sjølv mindre relevant som aktør i samfunnet og reduserer verdien av dei lidingane mange menneske har gått igjennom som ei følge av nazistane sine forbytingar og herjingar.

Det er heller ikkje første gang avisa trekkjer referansar til krigen.

– Dei brukte også omgrepet Anschluss om samanslåinga av Troms og Finnmark. Ein kan meine kva ein vil om samanslåinga, men det har neppe noko med den tyske annekteringa av Austerrike i 1938 å gjere.

Snakkar eit språk folk forstår

– Folk i Finnmark har gjennomgått meir enn folk elles i Noreg under krigen. Eg trur dei setter pris på at ein nyttar eit språk som blir forstått, seier redaktør Geir Wulff.

– Eg trur ikkje språkbruken får folk til å føle avmakt, men at folk føler avmakt i møte med myndigheitene som gjer overgrep. Ikkje når vi som ei samisk avis set fokus på kva samar i år 2020 blir utsett for.

Avisa Sagat publiserte tilsvaret til nasjonalparkstyret to dagar etter leiar-artikkelen.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark