Hopp til innhold

Ordførar om styrking av Forsvaret: – Bruk lokale aktørar

Forsvarssjef Eirik Johan Kristoffersen foreslår i sitt fagmilitære råd til regjeringa å styrkje forsvaret i Finnmark. No ber ordførar om at dei lokale bedriftene får oppdraga.

400 soldater og befal har deltatt på en større øvelse i Sør-Varanger denne uken.
Foto: Preben Aursand / GSV

– Eg synest det er positivt at forsvarssjefen ønskjer å byggje opp forsvaret i Finnmark. Det ville vore endå betre om han tydeleg uttrykte at Forsvaret skal bruke lokalt næringsliv til jobben.

Det seier ordførar i Sør-Varanger, Lena Norum Bergeng.

Lena Norum Bergeng utenfor rådhuset i Sør-Varanger kommune

– Det er fint at forsvaret i Finnmark blir foreslått styrkt. Dersom dette blir realisert, håpar eg at lokalt næringsliv får oppdrag, seier ordførar i Sør-Varanger, Lena Norum Bergeng.

Foto: Gunnar Sætra / NRK

Forsvarssjef Eirik Johan Kristoffersen la onsdag fram sitt fagmilitære mål for Noreg for åra framover.

I rapporten ber forsvarssjefen om ein auke i løyvingane til Forsvaret på 8 milliardar kroner kvart år frå 2025 til og med 2031.

Les også Kilder til NRK: Her er forsvarssjefens ønskeliste

Den norske fregatten KNM Thor Heyerdahl på veg nordover langs norskekysten i desember 2021.

– Lova bør endrast

Eit av forslaga frå forsvarssjefen går ut på å styrkje luftforsvaret i nord med ein rakettartilleribataljon. Dette i tillegg til ein røyrartilleribataljon under Finnmark Landforsvar (FLF).

Ordførar Bergeng meiner regjeringa no har eit gyllent høve til å slå to fluger i éin smekk. Nemleg byggje ut både forsvaret og lokalsamfunna.

Men då må dei sjå på lova for offentlege innkjøp.

– For å byggje gode lokalsamfunn er det viktig at dei store statlege aktørane bruker det lokale næringslivet. Men dessverre står ordninga med offentlege innkjøp i vegen. Forsvaret er nøydd til å ta omsyn til sentrale avtalar for innkjøp. Og i desse er mellom anna kostnadene avgjerande.

– Det er kanskje ikkje billigare å bruke lokal arbeidskraft, men det er meir fornuftig bruk av pengane dersom du skal halde oppe lokalsamfunna, seier ho.

Les også Kongen om grensesoldater: – Beskytter vår frihet, rett og slett

Kong Harald under møtet ved Garnisonen i Sør-Varanger
Foto: Jan Langhaug / NTB

Får full støtte

Mona Halvari er prosjektleiar for leverandørutvikling overfor Forsvaret og tilsett i næringsavdelinga i Troms og Finnmark fylkeskommune. Prosjektet har som mål å auke den lokale verdiskapinga som følge av aktivitetar knytt til Forsvaret.

Halvari deltok på et møte med Forsvaret 3. og 4. mai, kor lokale bedrifter i Finnmark var invitert.

– Forsvaret kan bli mykje flinkare på å utnytte muligheitane i regelverket. Det står på viljen, seier Halvari.

Og ho legg til:

– Økt bruk av lokale bedrifter gir auka skatteinntekter til kommunane og fleire arbeidsplassar. Kommunen kan da bygge attraktive lokalsamfunn, noko som er særdeles viktig for Forsvaret. Beredskapsevna og forsyningssikkerheita blir betre, og forsvarsevna blir styrka på sikt, seier Halvari.

Mona Halvari, Prosjektleder Leverandørutvikling Forsvaret, Porsangmoen. Ansatt i næringsavdelingen i TFFK.

– Forsvaret kan bli mykje flinkare på å utnytte muligheitane i regelverket. Det står på viljen, seier Mona Halvari i Troms og Finnmark fylkeskommune.

Foto: Troms og Finnmark fylkeskommune / SUNNIVA TONSBERG GASKI

– Sivilsamfunnet er viktig

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) sa under pressekonferansen torsdag at det frå regjeringshald er av stor interesse med sivil verdiskaping og aktivitet i Finnmark. Og då særleg i Aust-Finnmark.

Det å kunne ha eit totalforsvar å byggje på er veldig viktig, uttrykte han.

– I krise og krig vil forsvaret ha behov for eit godt utbygd sivilsamfunn til dei militære operasjonane sine. Då er dei avhengige av å ha sivil infrastruktur, sivil aktivitet, kompetanse og materiell i lokalsamfunna.

– Derfor ser regjeringa no på korleis vi endå sterkare kan støtte opp under utviklinga i Aust-Finnmark, sa forsvarsminister Gram.

En konsentrert forsvarsminister Bjørn Arild Gram står ved en talerstol og holder en tale. Han kikker mot kamera. Den ene hånda hviler på talerstolen.

– Forsvaret er avhengig av eit solid og godt utbygd sivilsamfunn. Det er derfor regjeringa no ser på korleis vi kan støtte opp under utviklinga i Aust-Finnmark, sa forsvarsminister Bjørn Arild Gram under pressekonferansen onsdag.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Det gir håp for ein ordførar som ønskjer aktivitet i kommunen.

– Eg høyrer at forsvarsministeren seier at forsvaret treng sivil støtte til dei militære operasjonane. Då tenkjer eg det er lurt at dei lokale bedriftene blir brukte i samband med innkjøp.

Les også Helene fra Bergen og Viljar fra Lofoten vokter den norsk-russiske grensa

GRENSVAKTER: Viljar Hansen fra Kabelvåg og Helene Eide fra Bergen avtjener verneplikta på den norsk-russiske grensa.

Også forsvarssjef Eirik Johan Kristoffersen trekkjer fram viktigheita av sterke lokalsamfunn som sentralt i eit godt forsvar.

– Eit av mine største ønske har vore å skape fleire sivile arbeidsplassar, utdanning, skular og barnehagar i dei områda der hæren er til stades.

– For å kunne rekruttere og behalde folk over lengre tid, er det nemleg viktig med eit godt sivilsamfunn rundt militærleirane våre, sa Kristoffersen under pressekonferansen onsdag.

Eirik Kristoffersen

Forsvarssjef Eirik Johan Kristoffersen har lenge ønskt seg fleire sivile arbeidsplassar, utdanning, skular og barnehagar i dei områda der hæren er til stades. – Det er viktig med tanke på å rekruttere og beheld folk over lengre tid, seier han.

Foto: ISMAIL BURAK AKKAN / NRK

– Bruker lokale aktørar

Forsvarsbygg er ein etat i Forsvaret og underlagt Forsvarsdepartementet. Dei viktigaste oppgåva deira er å byggje og drifte eigedom for forsvarssektoren. Som anlegg kor soldatar skal øve, jobbe og opphalde seg.

Seksjonssjef for kontraktar i Forsvarsbygg, Morten Lindstad, seier dei sidan 2021 har bygd ut bustader og anlegg for 1,5 milliardar kroner i Finnmark.

Rundt 90 prosent av desse kontrakten har gått til lokale bedrifter, forklarer han.

– Vi har god erfaring i å samarbeide med små og mellomstore bedrifter i Finnmark. Og det vil vi fortsette med. Så dersom det blir vedtatt å bygge nye einingar i Finnmark, så vil vi fortsette å nytte oss av lokalt næringsliv, seier Lindstad.

Morten Lindstad, seksjonsleder, seksjon kontrakt i Forsvarsbygg.

– Vi har god erfaring i å samarbeide med små og mellomstore bedrifter i Finnmark. Og det vil vi fortsette med, seier Morten Lindstad i Forsvarsbygg.

Foto: Forsvarsbygg / Forsvarsbygg

– Er det noko i loven som står i vegen for at meir av de store kontraktane kan gå til lokalt næringsliv?

– Vi er underlagt forskrift om offentlege innkjøp, som seier noko kor vi kan plassere våre kontraktar. Men eg meiner at loven ikkje avgrensar moglegheita for å bruke lokalt næringsliv. Det er derfor ein sanning med modifikasjonar at regelverket er til hinder for slikt. For Forsvaret er det annleis. Dei har store innkjøp og andre avtalar, seier Morten Lindstad i Forsvarsbygg.

Les også Regjeringen gir 105 millioner ekstra til Øst-Finnmark

Pressekonferanse om aktivitet og utvikling i Øst-Finnmark.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark