Hopp til innhold

Etablerar matsentral i Hammerfest: – Eit tankekors at me i Noreg har komme hit

Hammerfest kommune har vedtatt å gi opp til 100 000 kroner til ny matsentral, sjølv om dei står i ein vanskeleg økonomisk situasjon.

Steffen Ditløvsen, daglig leder Hammerfest frivilligsentral

Steffen Ditløvsen, dagleg leiar Hammerfest frivilligsentral, står framfor frysarane dei har kjøpt for å oppbevare mat til matsentralen i.

Foto: Sunniva Hadland Bøthun / NRK

– Det er mange ulike grupper som kanskje har behov. Me kjem ikkje å spørje folk kvifor dei har behov. Det er ikkje jobben vår. Dessverre er det tida me lever i og samfunnet ikkje klarer å sikre folk godt nok.

Det seier Steffen Ditløvsen, dagleg leiar ved Frivilligsentralen i Hammerfest.

Han fortel at det er omtrent eit år sidan dei begynte å tenke på å opprette ein matsentral. Nå håpar dei er klare til starten av mars.

Kommunen har flest innbyggjarar med millioninntekt i Noreg. Likevel henta 40 husstandar mat på frivilligsentralen under julehjelpa til Røde Kors i fjor.

Steffen Ditløvsen, daglig leder Hammerfest frivilligsentral

Steffen Ditløvsen, dagleg leiar Hammerfest frivilligsentral, fortel at det er tida me lever i som gjer at folk treng hjelp.

Foto: Sunniva Hadland Bøthun / NRK

Ditløvsen seier dei ser meir behov for matsentral med tanke på dyrtida som går føre seg.

– Eg trur det er behov i heile landet uavhengig av kor rik kommunen er. Sjølv om mange har vedvarande høg inntekt, så har me også folk med vedvarande låg inntekt, seier han.

Det gjeld også i Hammerfest, meiner Ditløvsen.

Les også 451 barn får mathjelp i Alta: – Vi mangler stadig mat

Rita Strøm pakker inn fersk laks hos Alta matstasjon

Tronge økonomiske kår

Hovudformålet er å redde mat. Ofte er det overskotsmat som endar i søpla.

– Maten kjem frå butikkane i byen. Me har hatt møte med alle butikkane i byen og dei er positive til forslaget, seier Ditløvsen.

Steffen Ditløvsen, daglig leder Hammerfest frivilligsentral foran Ellen Johnsen og Reidar Johansen. De er styremedlemmer i Hammerfest matsentral.

Steffen Ditløvsen, dagleg leiar Hammerfest frivilligsentral framfor Ellen Johnsen og Reidar Johansen. Dei er styremedlemmer i Hammerfest matsentral.

Foto: Sunniva Hadland Bøthun / NRK

– Å bruke overskotsmaten og gi det til folk som treng det er bra for alle partar.

Dei fått inn omtrent 150 000 kroner så langt. Noko av pengane har dei brukt på fryseboks- og skap til å oppbevare maten.

– Me kjem ikkje å bruke av pengane mindre me ser behovet for det. Det vil eventuelt vere å utvide tilbodet viss me ser at det er behov for det, seier Ditløvsen.

Nina Moen Olsen er styreleiar for matstasjonen. Ho er engasjert i ulikt frivillig arbeid i Hammerfest og tenkte at dette var enda ein ting ho kunne engasjere seg i.

– Det er eit kjempeviktig arbeid, og eg har sett at julehjelpa hjelper så mange. Me må få dette til.

Tove Moen Olsen, styreleder Hammerfest matsentral

Nina Moen Olsen, styreleiar ved Hammerfest matsentral, meiner det er viktig å hjelpe til.

Foto: Sunniva Hadland Bøthun / NRK

Olsen fortel at det var mange som møtte på det første møtet for frivillige. Ho synest det er viktig å hjelpe og vere til for andre menneske.

– Eg ser at det er eit stort behov i den tida me er i. Det er tronge økonomiske kår for mange, det er høge straumprisar, det er høge bustadprisar, og det er ikkje alle som klarer det like godt i denne tida. Det blir vist over heile landet.

Les også Matsentralen har aldri delt ut så mye mat som nå

Coop - Matsentralen

Heilt i grus

– Det som er bakgrunnen for å gi pengar var rett og slett dei rapportane som kom i løpet av hausten. Særleg opp mot jul at dyrtida hadde gjort at fleire hundre tusen menneske rett og slett ikkje har råd til å kjøpe seg mat, seier varaordførar i Hammerfest, Jan Tore Kvalnes (Partiet Nord).

Varaordfører i Hammerfest kommune, Jan Tore Kvalnes i Partiet Nord

Varaordførar i Hammerfest, Jan Tore Kvalnes, kallar tiltaket for mildnande og meiner det er eit viktig initiativ.

Foto: Allan Klo / NRK

Han seier det er ei dyr tid for alle, også kommunen, men samtidig var det viktig å ta vare på dei svakaste i denne tida.

– Det kan vere dyrare å ikkje gjere dette tiltaket. Då kan ein legge familiar, som allereie slit heilt i grus, viss ein ikkje har noko tiltak.

Kvalnes håpar at det skal gjere ein forskjell med ein matsentral i byen.

– Det er eit tankekors at me i Noreg har komme hit. Det er mange hundre tusen som ikkje får hjelp til det aller mest nødvendige, nemleg det å ha mat, seier varaordføraren.

Kvalnes kallar det for eit mildnande tiltak.

– Det er i alle fall ein start på noko frå våre side. Eg synest initiativet er veldig bra.

Les også Færre har råd til julemat: Frivillige på Dokka lager mat til over 100 personer

Julehjelp

Les også Familiar fryktar for jula: – Ei grufull tid mange går inn i

Julehandel på kjøpesenter