Hopp til innhold

Frå neste veke får alle testen som kunne redda livet til Maren

Frå 1. juli vil alle kvinner mellom 25 og 33 år også få tilbod om HPV-test i staden for celleprøve. Det kan redusere talet på tilfelle av livmorhalskreft.

Maren Walvik Johnsen er en aktiv og sprek 27-åring. Nå kan kreften sette en stopper for det. På instagramkontoen @wordsbywalvik deler hun fra livet med kreften.

Kvart år får rundt 300 norske kvinner livmorhalskreft. Maren Walvik Johnsen delte ope om livmorhals-sjukdommen sin med heile Noreg. Ho døde 16. juni.

Foto: Privat

Førre veke døde 29 år gamle Maren Walvik Johnsen av livmorhalskreft.

Etter at ho sjølv fekk feiltolka celleprøva, kjempa ho for å verne unge kvinner mot livmorhalskreft.

Frå og med laurdag kan fleire kvinner unngå å møte same lagnad som henne. No får kvinner mellom 25 og 33 år HPV-test.

– Ein HPV-test gjer at kvinner som er HPV-positive, kan få påvist alvorlege celleforandringar tidlegare, seier leiar i Styringsgruppa for dei nasjonale kreftscreeningprogramma, Trude Andreassen.

Prosjektleder Trude Andreassen i Helsedirektoratet.

Leiar i Styringsgruppa for dei nasjonale kreftscreeningprogramma, Trude Andreassen, seier dette vil førebygge fleire krefttilfelle.

Foto: ELISABETH JAKOBSEN

Innføringa kan redusere talet på krefttilfelle i aldersgruppa 25 til 33 år med opp til 44 tilfelle kvart år, opplyser Helsedirektoratet i ei pressemelding.

Ifølgje Andressen betyr det at kvinner i den aldersgruppa no får tilbodet om ein meir kjenslevar og sikker metode for å avdekkje HPV-viruset som kan føre til kreft.

– Dei kvinnene vi treng å finne blir funne raskare, seier ho.

– På sikt vil det føre til at kvinnene raskare får tilbod om behandling og at færre utviklar livmorhalskreft. Det er det som er det store overordna målet.

HPV er eit virus som er nødvendig å ha for å utvikle livmorhalskreft. Kvart år får rundt 300 norske kvinner livmorhalskreft, og mange er i 30- og 40-åra.

Noreg har hatt flest tilfelle av livmorhalskreft i Norden, og fleire har teke til orde for at praksisen med celleprøver ikkje var god nok.

Les også Forskere mener vi kan utrydde livmorhalskreft i løpet av ti år

HPV-virus som kan føre til livmorhalskreft. Forskere ved kreftregisteret foreslår nå en rekke tiltak for å utrydde HPV-viruset og livmorhalskreft innen 2033.

Eit ekstra sikringsnett

Ifølgje Helsedirektoratet vil dette føre til at kvinner berre må ta celleprøve kvart femte år, i staden kvart tredje år.

Det er fordi risikoen for å utvikle alvorlege celleforandringar er minimal når HPV ikkje er påvist.

Overlege ved Universitetssykehuset Nord-Norge, Sveinung Wergeland Sørbye, er glad for at også kvinner under 33 år no får HPV-test.

– Då kan ein finne kvinner med virus før dei har fått celleforandringar, seier han.

Sørbye trekkjer også fram at fleire unge har teke HPV-vaksine. Dermed forsvinn HPV-type 16 og 18, som er dei to viktigaste typane.

Men med ein HPV-test, testar ein for 14 ulike typar.

– Då kan ein kan fange opp andre typar som ikkje er så farleg, men som likevel bør følgjast opp, seier Sørbye

– Ein har eit sikringsnett som gjer at ein kan finne kvinner med HPV som ein ikkje ville funne med berre ei normal celleprøve.

Overlege ved UNN, Sveinung Wergeland Sørbye, viser en av maskinene som celleprøvene må gjennom før de kan undersøkes.

Overlege ved UNN, Sveinung Wergeland Sørbye, seier HPV-vaksine vil gi eit ekstra sikringsnett.

Foto: Aurora Berg / NRK

Startar opp med heimetestar frå hausten av

Til hausten startar kreftregisteret opp eit prosjekt der dei skal implementere HPV-heimetestar.

– I første omgang skal denne testen tilbydast til kvinner som har særlege behov. Det kan vere kvinner som av ulike grunnar ikkje kan eller ønskjer å ta ei gynekologisk undersøking hos fastlegen sin, seier Andreassen.

Denne testen kan kvinner ta sjølv heime, så vil han bli seint til eit laboratorium for analyse.

– Det vil seie at ei gruppe kvinner som kanskje ikkje ville teke livmorhalsprøve for dei ikkje vil eller kan ta ho hos legen sin, no får tilbodet om å gjere dette sjølv, seier Andreassen.

Prosjektet har fått midlar øyremerkt i statsbudsjettet, og skal først rullast ut i Akershus.

– Vi startar med dette til hausten i eit avgrensa område, og så planlegg vi for å utvide dette for å gjelde fleire kvinner i løpet av neste år, seier Andreassen

– Dette er eit veldig bra tilbod som vi er veldig spente på. Vi gler oss til å gå i gang med det.

Les også Maren Walvik Johnsen (29) er død

Maren Walvik Johnsen (27) fikk sjokkbeskjeden i desember. Det hun trodde var ufarlige endringer i menstruasjonen etter vaksinering, var kreft.