Hopp til innhold

Munnleg avtale for millionar til omstridt ubåtshamn

Det finst berre ein munnleg avtale om å la amerikanske atomdrivne ubåtar legge til kai i Tromsø. Forsvarsministeren vil ikkje kommentere opplysningane.

USS Seawolf

TIL STADES: USS Seawolf ved kysten utanfor Tromsø i august i år.

Foto: U.S. Navy

Ei sivil hamn ved Tromsø har den siste tida vore gjenstand for politisk og militær strid. Regjeringa ønsker at Tromsø kommune skal la amerikanske atomdrivne ubåtar legge til kai. Kommunen nektar å ta i mot atomubåtane.

Tromsø Havn, eigd av Tromsø kommune, har investert 12 millionar kroner i utbåtsanlegget, og stolar på at dei vil få pengane tilbake frå USA.

– Det finst berre ein munnleg avtale mellom Tromsø Havn og den amerikanske marinen, om at atomdrivne ubåtar skal kunne anløpe Grøtsund hamn- og industriområde, seier hamnedirektør Jørn-Even Hanssen.

Jens Ingvald Olsen

KRITISK: Jens Ingvald Olsen i Raudt i Tromsø

Foto: Arild Moe / NRK

Forsvarsministeren har bedt Samferdselsdepartementet greie ut om kommunen faktisk kan nekte å godta ubåtshamna. Raudt ønsker å ta saka til Stortinget.

– Ein munnleg avtale er ikkje haldbart i det heile tatt. Ein har ingen fullmakt i hamna til å gjere investeringar på 12 millionar kroner basert på ein munnleg avtale, seier Jens Ingvald Olsen i Raudt.

Stor konflikt om avtale

Tidlegare denne veka vart saka debattert i Dagsnytt 18. Då sa Jens Ingvald Olsen i Raudt at det ikkje eksisterte nokon skriftleg avtale med US Navy. Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen var ueinig.

Hamnedirektør Jørn-Even Hansen meiner at ein munnleg avtale er like mykje verdt som ein skriftleg.

Likevel kan investeringane i verste fall vere bortkasta for Tromsø Havn.

– Avtalen er at USA skal dekke denne investeringa over dei fem-seks første anløpa. Kvar rubbel og bit skal dei betale, seier Hansen.

Ingen tilsvarande sivile hamner

Raudt vil no granske prosessen til Tromsø Havn og korleis ein kan ha investert 12 millionar kroner i eit prosjekt kommunen er i mot.

Erlend Svardal Bøe

PLIKT: Gruppeleiar i Høgre, Erlend Svardal Bøe, meiner Tromsø er forplikta til å ta i mot.

Foto: Tora Kyllingstad / NRK

Høgre i Tromsø meiner derimot at hamna har gjort nettopp det ho er forplikta til.

– Eig du ei hamn har du ei plikt til å ta imot allierte fartøy av denne typen, seier Erlend Svardal Bøe, gruppeleiar for Høgre i Tromsø.

Olsen på si side meiner at mottaksplikta ikkje gjeld så lenge skipa inneber risiko for uhell.

– Ein atomdriven ubåt der det kanskje er atomvåpen om bord, er høgrisikoanløp. Forsvaret har ikkje greidd å lage noko beredskapsplan for dette heller. Då er det noko heilt anna enn Roald Amundsen og russiske trålarar, seier Olsen.

Frank Bakke-Jensen i Porsanger.

Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen.

Foto: HANNE BERNHARDSEN NORDVÅG / NRK

Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen vil ikkje kommentere den munnlege avtalen Tromsø Havn har med den amerikanske marinen.

Hamnedirektøren sjølv seier at alle deira budsjett og planar knytt til ubåtshamna har blitt godkjent av kommunestyret.

I går vart det kjent at Forsvaret kanskje vil gjenopne den gamle marinebasen Olavsvern i Tromsø. Dette etter press frå den amerikanske marinen.

Både forsvarsministeren og hamnedirektøren avviser at dette kan få konsekvensar for bruken av Grøtsund som ubåtsanløp.

Auka militær aktivitet i nord

Den militære aktiviteten i nordområda har auka dei siste åra. Spesielt Russland, men også USA er meir militært til stades militære i Barentshavet.

Ifølgje Høgre er det viktig at Noreg er synleg ved nærvær gjennom USA.

– Som hovudstad i nord kan Tromsø legge til rette til den type verksemd, seier Bøe.

– Vi vil åtvare mot vedtak som vil bidra til å auke uhell og militære konfrontasjonar i våre nærområde, seier Olsen i Raudt.

Fjellanlegget på Olavsvern

OLAVSVERN: USA ønsker å ta i bruk den gamle marinebasen utanfor Tromsø. I dag blir fjelldokken brukt av fritidsbåtar

Foto: NRK

Flere nyheter fra Troms og Finnmark