Hopp til innhold

Styrar mot kraftig underskot: – Alvorleg situasjon

Store økonomiske utfordringar truar kommuneøkonomien i Nord-Noregs tredje største by. Det kan bety mindre for innbyggarane å rutte med.

Harstad kommune

MØRKE SKYER: Harstad kommune styrer i 2024 mot eit kraftig underskot.

Foto: Henrik Einangshaug / NRK

– Når vi ser at vi kjem til å bruke rundt 150 millionar meir enn det vi har i inntekter i 2024, så er det ein alvorleg situasjon.

Det seier kommunedirektør i Harstad, Børge Toft, til NRK.

Frå eit solid overskot på over 90 millionar kroner i 2022, og store investeringar på rekke og rad, er situasjonen nå ein heilt annan.

Samferdselsprosjektet «Harstadpakken», nytt dagsenter og eit nytt helsehus til over 550 millionar kroner. Det manglar ikkje på store og kostbare prosjekt i Harstad.

Nå viser ein fersk rapport, som tysdag blir behandla i formannskapet, eit anslått negativt driftsresultat på 130–160 millionar kroner i 2024.

Les også Minus 84 millioner for Harstad kommune – frykter skolenedleggelser

Kommunedirektør Børge Toft i Harstad

Nær dobling

Anslaget er ei kraftig forverring frå millionunderskotet året før, som enda på 84,7 millionar kroner.

Tala kom overraskande på opposisjonen.

– Det er trist lesing, men dessverre ikkje overraskande. Med underskotet i fjor, så hadde vi føresett at det kom til å bli enda større i 2024, seier Nina Dons-Hansen, Høgres gruppeleiar i Harstad.

Nina Margrethe Dons-Hansen (H).

KRITIKK: Høgres gruppeleiar i Harstad, Nina Dons-Hansen, er ikkje overraska over at kommunen styrer mot eit forverra underskot i 2024.

Foto: Henrik Einangshaug / NRK

– Det er urovekkande. Det er kraftige overskridingar, seier Frps gruppeleiar Eivind Stene, før han fortset:

– Dette vitnar om alt anna enn økonomisk kontroll, som har vore Aps valkamprop, om at det her var orden, og «stem på oss, vi veit korleis pengane skal brukast».

Nrkvalg23 Harstad Eivind Stene FrP , Nrkvalg23 Harstad Eivind Stene FrP

BEKYMRA: Frps gruppeleiar og lokallagsleiar i Harstad, Eivind Stene.

Foto: Henrik Einangshaug / NRK

Ordførar i Harstad, Arbeidarpartiets Kari-Anne Opsal, kjenner seg ikkje igjen i kritikken frå opposisjonen.

– Kritikken blir litt hol. Det er dei same menneska som foreslo auka kostnader og mindre inntekter i budsjettet i januar, der det blei tatte omkamp på ein skole, seier ho.

Kommunestyremøte Harstad 29. februar 2024

KONTROLL?: Posisjonen har ikkje kontroll på økonomien, meiner Frp. Frå venstre: Kommunedirektør Børge Toft, ordførar Kari-Anne Opsal (Ap) og varaordførar Espen Ludviksen (Sp).

Foto: Henrik Einangshaug / NRK

Åtvarar mot auka eigedomsskatt

I 2007 lova posisjonen, som blant anna Høgre og Frp var ein del av, at eigedomsskatten skulle fjernast innan åtte år.

Berre fire år seinare ville daverande rådmann doble eigedomsskatten i byen.

Frp fryktar posisjonspartia nå vil auke eigedomsskatten på ny.

– Eg er mest bekymra for at ein skal foreslå å auke eigedomsskatten. Det vil eg åtvare sterkt mot, seier Stene.

Kommunedirektør Børge Toft vil ikkje utelukke eit forslag til politikarane om å auke eigedomsskatten. Sjølv meiner han det er ein av dei tinga dei nå «må sjå på».

Eigedomsskatten i kommunen er på 3,3 promille for bustad- og fritidsbustad. Det er maksimalt tillat å krevje 4 promille.

Børge Toft

TILTAK: Det er venta at kommunedirektør Børge Toft vil legge fram forslag til innsparing for politikarane.

Foto: Henrik Einangshaug / NRK

Dersom eit forslag om auka eigedomsskatt kjem på bordet, har Høgre så langt ikkje tatt stilling til kva dei vil stemme.

Dons-Hansen er likevel krystallklar på at eigedomsskatten ikkje skal brukast for å «redde kommunen frå underskot».

– Det er ein heilt feil tankegang og ein heilt feil innfallsvinkel for å auke eigedomsskatten – at det skal redde oss frå å hamne på ROBEK. Det blir heilt feil.

– Fryktar du at kommunen, med posisjonen som nå styrer, kan hamne på ROBEK?

– Vi blei i alle fall ikkje noko begeistra for dei tiltaka som kom frå fleirtalspartia i budsjettmøtet, da vi allereie hadde eit underskot. Dei forslaga dei kom med – som blei vedtatte, monnar ikkje. Vi er nøydde til å ta kraftigare grep.

Harstad

MØRKE SKYER: Trass lysare tider, er kommuneøkonomien langt frå like gledeleg lesing.

Foto: Christian Kråkenes

Vil ikkje garantere

Sjølv vil Arbeidarpartiet, som styrer kommunen saman med Raudt, SV, Sp og MDG, ikkje utelukke auka eigedomsskatt.

– Det er eit av tiltaka ein skal sjå på. For å auke inntektene, så kan ein eksempelvis sjå på eigedomsskatten. Ein annan måte å auke inntektene på er ved å legge til rette for oppdrett.

I Tromsø gjekk kommunen i 2023 med eit underskot på over ein kvart milliard kroner. Som følge av dette er det varsla kutt i 150 årsverk i 2024.

Det er ikkje tilfellet i Harstad, meiner Opsal.

– Vi er i den heldige situasjonen at vi har styrt slik at vi har pengar på bok. Vi kan bruke litt meir til på å omstille oss. Men viss vi lukkar auga og lèt det stå til, så er det berre eit par til vi er der Tromsø er.

Les også Kraftig underskudd i Tromsø kommune: Har brukt 259 millioner for mye

Tromsø